Illustrasjon: AMC Dissing og Weitling
Emner
Publisert
08.09.2021

Inviterer bransjen til dialog

Statens vegvesen inviterer bransjen til informasjonsmøte 24. september for å hente innspel til strategiar for kontrakt og anskaffingar for E39 Stord-Os.

Med eit styringsmål på heile 38,5 milliardar kronar (2021) er prosjektet  Noregs største planlagde prosjekt innan samferdsel. Sjølv om endeleg vedtak om bygging er forventa fyst i 2024, startar Vegvesenet no dialog med bransjen for å legge eit godt grunnlag for framtidig samarbeid.

– Nå skal arbeidet med strategi for kontrakt og anskaffingar utarbeidast. Dette er eit arbeid vi vil gjera  i eit tett samarbeid med bransjen. Vi startar med eit felles informasjonsmøte og deretter blir det mogleg å avtale ein-til-ein møter med prosjektet, fortel Sverre Ottesen, prosjektleiar for E39 Stord-os (Hordfast).

Opne for alle typar innspel

Prosjektet ynskjer å få svar på både  kor store- og kva for type kontraktar bransjen ynskjer.

– Vi håper bransjen brukar denne moglegheita til å påverke. Vi er opne for innspel, og nå har bransjen moglegheit i ein tidleg fase, seier Ottesen.

Møtet blir halden på norsk, og blir gjennomført digitalt. Invitasjon til møte er sendt på Doffin/Ted. Invitasjon og lenke til påmelding i lenka under.

Invitasjon - Markedsmøte E39 Stord-Os.pdf

I rute

Prosjektet er i rute, og er i gang med reguleringsplan. Planprogrammet vert lagt ut på høyring neste veke, og prosjektet arbeider mot å ha klart eit første forslag til reguleringsplan før sommaren 2022.

E39 Stord – Os, Ådland – Svegatjørn blir en 55 kilometer lang vegstrekning med fleire bru- og tunnelkonstruksjonar. Dei to store bruene blir den 5,5 kilometer lange Bjørnafjorden-brua og den 1,7 kilometer lange Langenuen-brua.

Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur