Foto: Vy
Publisert: 02.06.2022 

Jernbanedirektoratet har oversendt tilråding om rekkjefølge for store satsingar

– Det har kome tydelege signal om at pengebruken på store samferdselsprosjekt kan bli mindre enn tidlegare planlagt. Men aktiviteten i jernbanesektoren kjem uansett til å være høg, slik at passasjerar og næringsliv kan sjå fram til fleire tilbodsforbedringar. Med eit trongare økonomisk handlingsrom blir det viktigare enn nokon gong å få mest mogleg jernbane for kvar krone. Vi står framfor nokre vanskelege val. Den faglege tilrådinga om prioriterte tiltak som eg no har fått, vil vere viktig i arbeidet framover, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I Nasjonal transportplan 2022-2033 blei porteføljestyring innført som eit grep for å få meir samferdsel for pengane. Porteføljestyring skal stimulere til optimalisering av prosjekt i planleggingsperioden, med andre ord før ein gjer vedtak om utbygging. Justering av traseval eller enklare løysingar på stasjon kan vere døme på optimalisering som reduserer kostnader, samstundes som dei reisande får ei like god tilbodsforbetring.

Effektpakke – samling med store investeringsprosjekt som gir eit betre tilbod

Jernbanesystemet er komplekst, med mange avhengnader. Det er som regel ikkje berre eitt tiltak som er tilstrekkjeleg for å gi eit betre tilbod. Dersom ny infrastruktur er bygd for å realisere fleire avgangar med kortare reisetid, kan det vere naudsynt å kjøpe fleire tog for å gi passasjerane nettopp dette tilbodet. Alle tiltak – infrastrukturinvesteringar, kjøp av togmateriell med meir – som må gjennomførast for at eit spesifikt person- eller godstogtilbud skal bli betre, utgjer ei såkalla effektpakke.

Prioriteringsliste med åtte effektpakker

Kvart år skal Jernbanedirektoratet og Bane NOR i samarbeid levere eit forslag til rekkjefølge for gjennomføring av effektpakkene i den første seksårsperioden av Nasjonal transportplan. Effektpakker som allereie har starta opp, er ikkje med i vurderinga.

Direktoratet har i dag oversendt den første prioriteringslista over effektpakker til Samferdselsdepartementet. Lista inneheld åtte pakker, med tilråding om både rekkjefølgje og omfang.

Alle åtte har blitt vurdert ut frå dei same kriteria. Samfunnsøkonomisk lønsemd er eit viktig kriterium. Vurderinga av dette omfattar både prissette verknader i form av netto nytte per budsjettkrone og ikkje-prissette verknader, som til dømes tap av naturmangfald. I tillegg er prosjektas modnad for anleggsstart og eventuelle forpliktingar som følgjer av avtaler eller reguleringar døme på rammevilkår som kan påverke prioriteringane.

Endringar i effektpakkene kan bety at rekkjefølga i prioriteringslista blir annleis frå år til år. Til dømes vil auka kostnader i eit investeringsprosjekt redusere den samfunnsøkonomisk lønsemda. Dette kan bety at den aktuelle effektpakka kjem lenger ned på prioriteringslista og blir skyvd ut i tid – til fordel for andre meir lønsame effektpakker.

Politikarane tar dei endelege vala

Prioriteringslista frå Jernbanedirektoratet er ikkje ein fasit over kva for effektpakker som blir realiserte.

– Prioriteringslista er å rekne som ein årleg karakterbok, der vi sjølvsagt ønskjer å sjå positive endringar frå år til år. Men til sjuande og sist er det vi politikarar som må ta dei endelege vala om kva for effektpakker som skal få grønt lys. Porteføljestyring gjer det uansett enklare å velje dei effektpakkene som gir mest tilbake til samfunnet. Det er alltid viktig med gode faglege råd, ikkje minst no som vi må prioritere hardare, seier samferdselsministeren.

Effektpakker utgjer ikkje all aktivitet på jernbanen

Dei store investeringsprosjekta i effektpakkene utgjer på langt nær all aktivtitet på jernbanen. Ikkje minst er arbeidet med vedlikehald og fornying av infrastrukturen viktig for oppretthalde regularitet og sikre ein punktleg togtrafikk. I tillegg blir det fleire stader gjennomført mindre investeringstiltak som skal bidra til å gjere jernbanen meir attraktiv for transport av personar og gods.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur