Jon-Ivar Nygård. Foto: Erik Burås for Samferdsel & Infrastruktur
Publisert: 16.01.2024 

Klippet snor for Valdresmodellen, og lovet ferdigbygging av strekninga på E16

– I dag markerer vi utbetringar på E16 her i Valdres. Ein veg som er vorte god-som-ny, og på same måte som at fleire kjøper brukt på Finn.no eller syr og lappar kleda sine, er kanskje ivaretaking av det vi allereie har eit teikn i tida. Måten ein har jobba med denne strekninga vil vise veg for framtidig utbetring av vegstrekningar. Og allereie til våren vil Statens vegvesen lyse ut kontrakt for å utbetre den delen av vegen på E16 som står attende, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i sin tale under markeringa.

Måndag 15. januar klipte samferdselsminister Nygård snora for ferdigstilling av utbetringsprosjektet på E16 mellom Fagernes og Øylo i Valdres. Prosjektet var ein del av Handlingsprogrammet for riksvegar 2018–2023, der det vart satt av 500 millionar kroner til utbetring for å auke trafikksikkerheita og framkomme på vegen.

Prosjektet har utbetra 42 kilometer veg mellom Fagernes og Øylo, men det er særleg 25 kilometer mellom Hande og Øylo som har fått dei mest omfattande utbetringane. På den resterande strekninga var det punktutbetringar på spesielt ulukkesutsette stadar som var utbetra.

Valdresmodellen

– Dette har vore eit viktig utbetringsstrekning, og måten Statens vegvesen har jobba her, også kjend som Valdresmodellen, vil vise veg for korleis vi kan jobbe med utbetring, drift og vedlikehald på riksvegar over heile landet. Dette er viktig i ei tid der regjeringa ønsker å ta vare på dei vegane vi har, seier Nygård om prosjektet.

Valdresmodellen har vore eit utbetringsprosjekt der Vegvesenet har jobba for å få mest mogleg veg for pengane. Det er særleg fire grep som skal sikre dette:

  • Tidleg involvering av entreprenørar for å kombinere ekspertise frå Vegvesenet med kunnskap og praktisk erfaring frå entreprenør.
  • Maksimal utnytting og gjenbruk av eksistareande veg gjennom forsterking av vegen.
  • Prioritere dei tiltaka som gir auka trafikksikkerheit og betre framkomme over lengre strekningar.
  • Bygging innanfor «tilfredsstillande standard», som vil sei at ein vurderer tiltak ut frå vegens funksjon og trafikkmengda.

Vidare framdrift

E16 er no oppgradert på strekninga Hande–Øylo, men siste del av strekninga står att. Men Nygård kunne komme med ei gladnyheit i talen sin:

– Det er satt av midlar til oppstart på den parsellen av vegen her på E16 som står attende. Det betyr at vi får betre veg mellom Hausåker og Lomen, og at det vert lyst ut kontrakt allereie til våren.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur