Det er denne fjellskjeringa like ved Stanghelle sentrum som skal reinskast og sikrast. Bilete er frå ein synfaring ilag med entreprenør tidlegare i år.Det er denne fjellskjeringa like ved Stanghelle sentrum som skal reinskast og sikrast. Bilete er frå ein synfaring ilag med entreprenør tidlegare i år. Foto: Knut Lajord/Aarekol Trafikktjenester AS
Publisert: 04.08.2025 

Kolonnekøyring på E16 ved Stanghelle frå og med 5. august

Frå tysdag 5. august blir det kolonnekøyring ved Stanghelle med faste kolonnetider i tidsrommet mellom klokka 07:00 og 19:30 måndag til søndag. Trafikantar må førebu seg på 30 minutt venting.

Trafikantar må rekne med opptil 30 minutt ventetid mellom kolonnane. Arbeidet på Stanghelle er venta å vere ferdig i løpet av september, og då vil kolonnekøyringa på strekninga verte avslutta.

Årsaka er arbeidet med berg- og skredsikring som Fellesprosjektet Arna–Stanghelle starta opp i mai. No skal ein stor fjellskjering  på Stanghelle reinskast og sikrast. Skjeringa ligg tett  på E16 og det er difor naudsynt å stenge vegen i periodar på inntil 30 minutt. Naboar må rekne med noko støy frå maskinar, helikopter og boring.

Kolonnetider

Sjå vedlegg under for kolonnetider. Vi gjer merksam på at oppgitt forseinking på bussrutene i tabellen kun er berekna med kolonnetider. Andre tilhøve kan påverke om bussen kjem i tide. Reisande bes halde seg oppdatert på busselskapets heimesider eller app.

Kolonnekøyringa vil skje med ledebil. Trafikantar som kjem frå, eller skal til Stanghelle sentrum verte sleppt inn/ut av kolonne.

Arbeid på Vaksdal

Det går og føre seg tilsvarande arbeid på Vaksdal. Områda som skal sikrast her vil ikkje påverke trafikken på E16, men naboar må og her rekne med noko støy frå maskinar, helikopter og boring. Arbeidet på Vaksdal vil etter planen gå føre seg ut året.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur