Foto: Njål Svingheim / Jernbanedirektoratet
Publisert: 30.04.2020 

Korona-krisa: Gradvis opptrapping av trafikken vert vurdert

Jernbanedirektoratet er i løpande dialog med togselskapa om ei gradvis opptrapping av togtilbodet att. Målsettinga er å auke tilbodet i takt med at skuler og barnehagar kjem i gang att.

Frekvensen togtrafikken er framleis redusert i høve til normal trafikk. Det er semje om å leggje ein minimumskøyreplan til grunn for togtrafikken gjennom korona-krisa. Det er samstundes frå siste veka av april eit ynskje om ei gradvis opptrapping av trafikken slik at det er lettare å ta naudsynte omsyn til smittevern ombord i toga. Jernbanedirektoratet er i dialog med Samferdselsdepartementet og togselskapa om korleis opptrappinga av togtilbode skal handsamast.

Flytoget køyrer, men med reusert frekvens i høve til normalen. Vy Tog og Flytoget tillet inntil vidare alle som skal til eller frå flyplassen på Gardermoen å nytte kvarrandre sine tog uavhengig av kven dei kjøper billett hos. Dette gjeld i fyrste omgang til 3.mai.

Regjeringa har bede om at togtrafikken og kollektivtrafikken skal gå slik at viktig nøkkelpersonell kan kome seg til frå arbeid. Togselskapa sine nettsider og app’er vil vere oppdaterte på hvilke tog som går.

Bane NOR har sett i verk tiltak på stasjonane for å redusere smittefara. Dette gjeld til dømes auka reinhald. Same type tiltak blir gjort ombord i toga.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur