Det er sendt ut gult farevarsel for kraftig snøfokk på fjellovergangane i Sør-Noreg i helga. Illustrasjon: Meteorologisk institutt
Publisert: 17.11.2023 

Kraftig snøfokk på fjellovergangar i Sør-Noreg i helga

Laurdag og søndag er det venta kraftig snøfokk i sørlege delar av fjellet i Sør-Noreg. Det kan gje vanskelige køyreforhold på fjellovergangane.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om snøfokk, gjeldande frå laurdag kveld klokka 20 til søndag ettermiddag klokka 13. Det er venta lokalt snøfokk i fjellet på grunn av kraftig vind og snø. Vinden vil først auke i sør, og frå seint laurdag kveld også i nord.

Verforholda kan føre til redusert sikt og vanskelige køyreforhold. Vegar kan bli kolonnekøyrde eller stengde på kort varsel.

Viktige råd dersom du skal ut og køyre på vegane i det aktuelle området:

  • Hald deg oppdatert om situasjonen på vegane: Fjelloverganger | Statens vegvesen
  • Berekne ekstra tid til køyreturen
  • Sørg for å ha gode vinterdekk, og køyr etter forholda
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur