Illustrasjon: Leirvik AS
Publisert: 15.08.2025 

Leirvik AS skal levere aluminiumsbru til Bergen sentrum

Leirvik AS har fått i oppdrag å bygge og levere ei gangbru i aluminium som skal knyte saman Nygårdsgaten og Marineholmen i Bergen sentrum.

Prosjektet, som har fått namnet Marinebroen, er eit viktig bidrag til byutviklinga i området og markerer eit stort steg i Leirvik AS si satsing innan brukonstruksjonar i aluminium. Med denne brua vil ein no kunne gå langs promenaden i heile Solheimsviken utan å forlate bryggekanten.

Leirvik AS er underleverandør til hovudentreprenør Consto Anlegg Vest AS, medan GC Rieber Eiendom AS er byggherre for prosjektet.

Den 60 meter lange brua blir Noregs lengste aluminiumsbru og er planlagt som ei lett, moderne bru. Heile brukonstruksjonen, inkludert rekkverk, blir levert i vedlikehaldsfri aluminium. Brua får eit elegant og tidlaust uttrykk med rein overflate.

– Me er ekstremt glade for å ha fått tilliten frå GC Rieber Eiendom AS og Consto Anlegg Vest AS
i dette prosjektet. Marinebroen blir den lengste gangbrua i aluminium me har levert, og det gir oss verdifulle erfaringar i den vidare utviklinga vår som leverandør av aluminiumsbruer, seier Helge Gjøsæter, CEO i Leirvik AS.

Smidig gjennomføringsplan

Prosjektering av brua er allereie begynt, og i januar 2026 vil byggeprosessen starte opp ved verftet til Leirvik AS på Stord. Brua blir bygd i to 30 meter lange delar. Desse blir frakta med lekter til Solheimsviken, der dei skal monterast direkte på stålpælar som Consto Anlegg Vest AS har ansvaret for. Innløft av brudelane på byggeplass skjer våren 2026, og brua skal stå ferdig og klar for bruk sommaren 2026.

Aluminium som framtidsmateriale

GC Rieber Eiendom AS har valt aluminium som hovudmateriale i brua av fleire grunnar:

  • Aluminiumen som skal brukast er 100 % resirkulerbar.
  • Materialet i brua har høg resirkuleringsgrad og gir dermed eit svært lågt CO2 avtrykk.
  • Materialet gir ei levetid på minimum 100 år og krev minimalt med vedlikehald, noko som reduserer både kostnader og miljøpåverknad.
  • Lett vekt gir rask montasje og kort byggetid på byggeplass.
  • Brua bidreg til ei innovativ og berekraftig byutvikling – i tråd med GC Rieber Eiendom AS sine verdiar.

    Brua får ei sandblåst overflate som gir eit reint og metallisk uttrykk utan produksjonsmerke. Rekkverket, designa av Leirvik AS sin eigen arkitektavdeling, følgjer brua sin sving og får integrerte LED-lys i topprekka for god belysning for publikum. Rekkverket er utforma med tanke på styrke, klatrevern, fleksibel montasje – og ei levetid på over 100 år utan vedlikehald.

– Prosjektet kombinerer moderne design med praktiske løysingar og berekraftige materialval. Dette viser korleis aluminium kan brukast innovativt i ny infrastruktur, seier Helge Gjøsæter, CEO i Leirvik AS.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur