– I samband med oppgradering av Lærdalstunnlen som startar neste haust, ventar me ei auke i trafikken på riksveg 7 over Hardangervidda. For å gjere vegen betre rusta for trafikken, lyser vi difor ut eit prosjekt for å auke trafikksikkerheita i tunnelane og generelt på strekninga, seier prosjektleiar Eirik Matre Røthe i Statens vegvesen.
Måbødalen ligg i Eidfjord kommune, og det er no lyst ut arbeid i fire tunnelar på strekninga på riksveg 7:
- Kvernhushaugtunnelen – opna i 1983 og er 542 meter lang.
- Måbøtunnelen – opna i 1986 og er 1893 meter lang.
- Storegjeltunnelen – opna i 1980 og er 842 meter lang.
- Dalbergtunnelen – opna i 1967 og er 335 meter lang.
Årsdøgntrafikken i Måbødalen er på cirka 1600 køyretøy, men det er stor trafikkauke på sommaren og mykje aktivitet i samband med turistme til Vøringsfossen. Tunnelane har bratt stigning på cirka 8 prosent.
Får utstyr til å avdekke varmgang
Mellom anna skal det monterast opp termoskannar som registrerer varme i bremsar og motor på tunge køyretøy. Dersom systemet registrerer for høg temperatur, skal køyretøy leiast inn på oppstillingplass for avkjøling.
Andre tiltak som skal gjerast:
- Montering av stengepunkt, bommar og raudblink.
- Levering og montering av naudstasjonar, naudstyreskap, rømningslys og fordelingar.
- Montering av skilt og skiltgalger.
- Graving av grøftar og legging av trekkerøyr.
- Kamera ved bommar.
- Tellesløyfe for automatisk trafikkteljing.
- Automasjon.
- Gatelys.
Vegtrafikksentralen vil få betre oversikt over strekninga når det nye utstyret er installert, med nye bommar og kamera. Per i dag finst det ikkje bommar som kan stenge vegen, dersom bilar får problem i ein av tunnelane.
Statens vegvesen forventar oppstart på arbeidet i månadsskiftet februar/mars, og første delfrist er i slutten av juni. Alt arbeid skal vere ferdig og utstyr testa før Lærdalstunnelen startar oppgraderingsarbeid i september.
 
  
  
  
  
  SE BLADARKIV
 
  	SE BLADARKIV

 
  		 
  		 
  		 
  		 
  		 
  		