Breimsfjell II-tunnelen på E39 vert stengd i to timar grunna øving måndag. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 01.04.2022 

Måndag vert denne E39-tunnelen stengd i to timar grunna øving

Måndag 4. april vert det øving i Breimsfjell II-tunnelen på E39, på strekninga Sandane – Byrkjelo.

Øvinga varar frå klokka 1815 til 2015.

Tunnelen, og med det E39 i området, blir heilt stengd for trafikk i dette tidsrommet.

Det er naudetatar og VTS (Vegtrafikksentralen) som skal øva i tunnelen.

– Vi har forståing for at stengd tunnel kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffa. Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta at vi skal halda slike øvingar, seier brannvernleiar Svein Rune Vie i Statens vegvesen.

Vi oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur