Dersom alle brukar bilbelte, køyrer rusfritt, held merksemda på vegen og køyrer etter forholda så sparar vi mange liv. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 02.11.2023 

Mange drepne i trafikken i oktober

I oktober omkom 15 personar i trafikken. Dette er nesten tre gonger så mange som i fjor, då 6 døydde. Det er over ti år sidan vi sist hadde så mange trafikkdrepne i oktober. Så langt i år er 111 drepne i trafikken. Det er 16 fleire enn på same tid i fjor.

Dette viser foreløpige ulykkestal frå Statens vegvesen.

Mange ulykker med fleire omkomne i 2023

Tolv av årets dødsulykker er ulykker med to eller tre omkomne. Det er uvanleg mange.

– Vi opplever mange ulykker med fleire omkomne i år, seier Svein Ringen i Statens vegvesen. På same tidspunkt i fjor var det åtte ulykker med fleire omkomne, mot tolv i år. Dei siste fem åra har vi berre hatt tre til fem ulykker med fleire døde gjennom dei første ti månadane av året. Dette kan vere tilfeldig, men vil vere noko vi ser på i analysen av årets dødsulykker, seier Svein Ringen.

Auke i talet på møteulykker med dødeleg utfall

Det er 16 fleire dødsulykker mellom møtande bilar i år enn i 2022. Møteulykker og utforkøyringsulykker dominerer årets dødsulykker på vegane. 50 mista livet i møteulykker, og 37 omkom då dei køyrde av vegen.

– Etter år med nedgang ser vi ein auke. Særleg gjeld dette talet på møteulykker med dødeleg utgang, men også talet på utforkøyringsulykker aukar, seier Svein Ringen. Samtidig ser vi at det er færre fotgjengarulykker. Sju i år mot elleve i fjor.

81 menn og 30 kvinner omkom i trafikken i dei ti første månadane av året. Meir enn halvparten (60) døydde i personbil. Dette er ein auke på 14 frå i fjor. I 34 av ulykkene var tungbil involvert, og fem av dei omkomne var førarar av desse bilane.

– Det er for tidleg å seie noko om årsakene til årets dødsulykker, seier Svein Ringen. Men vi veit at dersom alle brukar bilbelte og køyrer rusfritt, så sparar vi mange liv. No er det komme snø mange stadar i landet, så dersom alle også køyrer etter forholda og held merksemda på vegen, ligg mykje til rette for at vi sparar liv i trafikken, avsluttar Ringen.

Ulykkestal frå Statens vegvesen

* 2023 tala er foreløpige.

Hittil i år (pr. oktober)
Uhellstype 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023* Endring
Møteulykker 54 29 37 32 33 34 31 29 34 50 16
Utforkøyring 45 34 49 24 36 32 25 20 29 37 8
Kryssulykke 15 7 8 6 3 3 5 4 8 2 -6
Same køyreretning 2 3 4 5 4 7 2 4 8 3 -5
Fotgjengar

ulykke

16 9 12 8 9 7 9 8 11 7 -4
Anna 3 12 12 7 3 3 4 6 5 12 7
SUM 135 94 122 82 88 86 76 71 95 111 16
Heile året 147 117 135 106 108 108 93 80 116  
Eining 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023* Endring
Fotgjengar 16 9 12 7 7 7 9 8 9 7 -2
Sykkel 12 5 12 8 7 6 3 3 5 7 2
Moped 2 0 1 1 2 0 0 1 0 2 2
Lett MC 2 0 1 1 1 1 2 1 3 3 0
MC 18 20 21 19 13 15 17 13 18 17 -1
ATV/Traktor 4 1 9 0 2 0 0 2 4 2 -2
Personbil 65 55 59 37 51 47 34 33 46 60 14
Varebil/Bobil 2 0 3 3 4 3 4 2 4 8 4
Tungbil 4 4 3 2 1 5 5 6 2 5 3
Buss 7 0 1 1 0 1 1 1 0 0 0
Anna 3 0 0 3 0 1 1 1 4 0 -4
SUM 135 94 122 82 88 86 76 71 95 111 16
Fylke 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023*
Viken 38 19 32 14 15 16 17 20 19 20
Oslo 2 3 4 3 5 1 5 1 3 1
Innlandet 3 5 15 9 8 11 11 8 9 19
Vestfold og Telemark 9 6 9 6 10 8 11 5 11 4
Agder 3 8 11 3 8 7 2 4 5 7
Rogaland 6 2 15 7 8 1 4 5 11 12
Vestland 9 3 11 15 13 9 5 8 8 13
Møre og Romsdal 3 2 5 4 6 9 3 3 3 3
Trøndelag 8 2 14 8 6 8 5 6 9 13
Nordland 4 1 9 6 5 13 8 2 10 13
Troms og Finnmark 2 5 10 7 4 3 5 9 7 6
SUM 87 56 135 82 88 86 76 71 95 111
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur