E134 Dalavikkrysset på Haugalandet. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 18.04.2023 

Med fire grep gjer Statens vegvesen dette E134-krysset tryggare

Statens vegvesen gjer no fleire grep for å gjera Dalavikkrysset på E134 endå tryggare.

Krysset ligg i Vindafjord kommune på Haugalandet i Rogaland, på E134 som er ein av hovudvegane mellom Vestlandet og Austlandet.

Krysset vert gjennomsnittleg trafikkert av om lagt 6700 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 19 prosent, eller 1273, lange køyretøy (tungtrafikk).

E134 har fartsgrense 80 km/t i dette området, og Statens vegvesen har difor også tidlegare gjort tiltak for å betra avkøyringa mot fylkesveg 4734 Dalavikvegen. Då utvida vi vegen inn mot krysset for køyreretninga frå aust mot vest.

No fullfører Statens vegvesen utbetringa av krysset med fire konkrete tiltak, seier byggeleiar Roberto Balzer:

– Vi utvidar krysset med eit ekstra køyrefelt austover, og lagar eit ekstra avkøyringsfelt mot venstre for å redusera faren for påkøyringar bakfrå. Vi lagar ein støyvoll for å skjerma naboane og vi set opp fire nye lysmaster. I tillegg vi oppgraderer vi ei busslomme langs vegen mot aust.

Ni firma ville ha jobben

Ni entreprenørar, fleire av dei lokale, leverte inn tilbod på oppdraget:

Tilbydar: Tilbodssum ekskl. mva:
Mesta AS 3.419.73,75
Bjarne Nordtveit AS frå Nedre Vats 3.508.756,00
Brødr. Flatebø AS frå Etne 3.559.458,00
Vats Anlegg AS frå Nedre Vats 3,660.988,00
K Volden Transport AS frå Fitjar 3.894.198,90
Vassbakk & Stol AS frå Kopervik 3.998.566,00
Ottar Skjold Maskin AS frå Øvre Vats 4.156.642,00
Landmark Maskin AS frå Bømlo 4.697.080,70
Risa AS frå Nærbø 5.230.54,00

– Statens vegvesen har no kontrollrekna på tilboda, og har innstilt Mesta AS til å få jobben. Vi tek sikta på å signera kontrakten så snart som mogleg etter at karensfristen er ute, og å starta arbeida så raskt som mogleg etter det. Jobben skal vera ferdig til jul, seier Balzer.

– Noko venting, men hugs at vi gjer det for trafikantane

Det vil verta noko trafikkdirigering, men inga stenging av vegen medan arbeida føregår. Ingen trafikantar må venta må venta meir enn 15 minutt som følge av dette trafikksikrings-prosjektet.

Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid som innebér venting kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, for at vegen skal kunna utføra sitt samfunnsoppdrag som ein trygg og trafikksikker veg med høg oppetid også i morgon, supplerer Balzer.

– Noko av det finaste vi kan gjera, både for samfunnet og klimaet, er å ta vare på det vi har. Denne kontrakten går rett inn i kjernen på mykje av det Statens vegvesens drift og vedlikehald av vegnettet handlar om. Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørga for at vi klarar det i morgon. Gode og trafikksikre kryssløysingar er ein del av dette.

Dette prosjektet er eit typisk døme på at Statens vegvesen stadig gjer tiltak ute på vegane for å betra tryggleiken for trafikantene.

– Kvar for seg er tiltaka kanskje ikkje så synlege, og dei er heller ikke dei mest kostbare, men over tid bidreg dei til å redusera risikoen for ulukker og alvorlege hendingar, eller minska skadane når ei ulukke har skjedd, i tråd med vår nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken, avsluttar byggeleiar Roberto Balzer i Statens vegvesen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur