Kontrakten har en verdi på om lag 25 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Arbeida omfattar reinsk, sikring med boltar og sprøytebetong i tre eksisterande jernbanetunnelar: Store Fossmark, Hananipa og Romslo II. Desse tre jernbanetunnelane skal verte kryssa av dei nye anleggstunnelane inn til de framtidige nye veg- og jernbanetunnelane som Fellesprosjektet skal i gang med byggje.
Prosjektleiar i Fellesprosjektet, Kari Bremnes, fortel at prosjektet er i rute og at arbeida i dei tre jernbanetunnelane er avgjerande for å kunne starte arbeidet med etablering av anleggstunnelene.
– Dei tre jernbanetunnelane vi no skal sikre vil med tida liggje tett på dei nye tunnelane vi skal byggje. Enkelte stader er det ikkje mange meter mellom tunnelane i fjellet, og det er naudsynt å sikre dagens tunnelar før vi går i gang med å sprenge ut nye tunnelar, seier Bremnes.
Startar arbeidet allereie i januar
Arbeidet med dei tre eksisterande jernbanetunnelane startar alt no i januar, og er planlagt ferdig i august. Sikringsarbeidet skal gjerast i eksisterande jernbanetunnelar, der det er togtrafikk. Difor må arbeidet gjerast i periodar når banen er stengd for trafikk.
SE BLADARKIV
