– Det har dukka opp geologiske utfordringar som gjer at me er nøydde til å stengja ein ny periode, seier byggjeleiar Vegard Klette i Statens vegvesen.
– Det er meir oppsprokke fjell enn forventa, og det krev meir sikring i form av bolting. Dette må takast undervegs, og då er det nødvendig å stengja på natt. Dette er fordi det aldri vil vera aktuelt for oss å på akkord med tryggleiken, korkje for trafikantar eller dei som jobbar på staden, understrekar han.
– Ei utfordring som fylgjer med fjell
Bakgrunnen for denne stenginga, er mellom dei utfordringane som alltid vil vera til stades når ein jobbar med fjell.
– Ein kan aldri vita på førehand korleis alle tilhøva er, sjølv om me gjer geologiske undersøkingar på førehand. Det kan alltid vera ting som kan dukka opp undervegs. Grepa me må gjera no, har me ikkje kunna varsla om tidlegare, fordi det er først no me har hatt moglegheit til å få denne kunnskapen. Vi har forståing for at konsekvensane kan opplevast som krevjande for trafikantane, men då er det viktig å hugsa på at me gjer dette for dei, legg han til.
Dette er tidspunkta
Måndag 12. mai klokka 00.00 startar arbeida opp att, og det vert same trafikkregulering som tidlegare:
- Stengd klokka 00.00–03.00
- Sleppa gjennom trafikk 03.00–03.15
- Stengd klokka 03.15–06.00
– Det er ingen lokale omkøyringsalternativ medan vegen er stengd. For å minimera ulempene for trafikantane, har me lagt arbeidet til den tida på døgnet då det er minst trafikk, avsluttar byggjeleiar Vegard Klette i Statens vegvesen.