Foto: Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Publisert: 29.06.2023 

Nkom har kartlagt sårbarheita i den digitale infrastrukturen i Nordland

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse for den digitale infrastrukturen i Nordland. Analysen viser at Nordland har relativt godt utbygd fiberinfrastruktur frå fleire tilbydarar, men peiker på enkelte sårbarheiter som bør reduserast. 25 millionar kroner er løyvd til tiltak som skal redusere risiko for digitale utfall i regionen.

– Mobil- og breibandsinfrastrukturen blir stadig viktigare for samfunnet vårt. Auka digitalisering stiller krav til at vi kan vere på nett utan problem. Ekstremvér, graveskadar, dårleg vedlikehald og sabotasje kan gje utfall av nettenester. Derfor er det viktig å kartlegge sårbarheiter og gjere tilhøyrande tiltak. Rapporten frå Nkom gjer oss eit godt grunnlag for dette viktige arbeidet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Han fekk analysen overlevert hos Digitaliseringsdirektoratet i Brønnøysund denne veka. Analysen viser at den digitale infrastrukturen i regionen er relativt god på et overordna nivå, men identifiserer òg klare sårbarheiter.

– Noreg har generelt eit godt utbygd nett, men for å legge til rette for vidare teknologiutvikling og digitalisering av samfunnet er det svært viktig å jobbe systematisk og langsiktig med sikkerheit og robustheit i ekomnetta. Nkom jobbar tett med kommersielle selskap for ein styrka digital grunnmur i heile landet, og no er analysen for Nordland klar. Gjennom arbeidet med rapporten har vi fått auka kunnskap og enda betre bilde av kompleksiteten i nett og tenester i Nordland, seier Pål Wien Espen direktør i Nkom.

Analysen viser at det er sårbarheiter knytt til at fleire aktørar er samla på same lokasjonar og i felles fiberstrekk. Ein enkelt hending vil derfor kunne påverke fleire aktørar samtidig.

Tiltaka omhandlar etablering av fleire tverrsamband, ekstra føringsvegar via utlandet, redusert samlokalisering og utarbeiding av retningslinjer for sikring av landtak. Desse tiltaka vil bidra til auka sikkerheit og beredskap i regionen.

Trøndelag neste

Den offentlege versjonen av rapporten er utarbeidd på bakgrunn av den meir utfyllande og sikkerheitsgraderte risiko- og sårbarheitsanalysen for Nordland. Nordlands-rapporten er en del av ein serie regionale risiko- og sårbarheitsanalyser Nkom gjennomfører på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Nkom har tidigare gjennomført tilsvarande analyse for Troms og Finnmark. Nkom er nå i gang med å gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalyse for Trøndelag.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur