Dagens kryss. Foto: Martin Solheim Ekreskar/Statens vegvesen
Publisert: 17.10.2023 

No er Statens vegvesen i gang med dette E39-krysset

Statens vegvesen er i gang med å flytta Alverakrysset mellom Sande og Førde for å betre sikta for påkøyrande og redusere talet ulukker.

Arbeidstida blir frå klokka 07.00–19.00 måndag–fredag.

Det blir trafikkregulering i periodar, og då med hjelp av lysregulering og nedsett fart.

Det kan bli inntil 15 minutts ventetid for trafikantane når vi skal sprenga.

– Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid med venting kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minne om at vi gjer dette nettopp for dei, for at vegen skal vera trygg og føreseieleg framkomeleg ikkje berre i dag, men også i morgon. Alt vegarbeid har konsekvens, det kjem vi ikkje utanom. Men konsekvensen for trafikantane kan bli endå større om vi ikkje gjer dette vegarbeidet, seier byggeleiar Martin Solheim Ekreskar i Statens vegvesen.

Flyttar kryss og bygger 230 meter ny veg

Ved å flytta det ulukkesutsette krysset snaue 100 meter sørover i retning Sande betrar vi sikta for påkøyrande frå den kommunale Alvervegen i Sunnfjord kommune, legg han til.

Midlar til dette trafikksikringsprosjektet (TS) fekk Statens vegvesen gjennom revidert nasjonalbudsjett.

Statens vegvesen bygger 230 meter heilt ny veg for å betra trafikktryggleiken i området. Avtalar med grunneigarar og Sunnfjord kommune er på plass. Jobben skal vera ferdig til jul.

– Derfor gjer vi dette

Dette TS-prosjektet går rett inn i kjernen på det drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om.

– Det handlar om å ta vare på det vi har, noko som er noko av det finaste du kan gjera både for trafikantane, samfunnet og klimaet. Dette er ei lang rekke prosjekt som kvar for seg kanskje ikkje utgjer så mykje, men som i sum har stor betydning for kvardagen til folk, tryggleiken på vegane og konkurransekrafta for næringslivet. Det å bygge eit nytt kryss som betrar sikta i begge retningar, til erstatning for eit uoversiktleg, ulykkesutsett kryss er ein del av dette, seier Ekreskar.

Det går dagleg mellom om lag 3500 køyretøy gjennom dette krysset. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 15 prosent, eller 525, lange køyretøy (tungtrafikk).

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur