Bilete frå befaring til Stanghelle der sikringsarbeid skal verte utført tett på E16. Foto: Knut Lajord/Aarekol Trafikktjenester AS
Publisert: 12.05.2025 

No startar Fellesprosjektet Arna–Stanghelle berg- og skredsikringsarbeid langs E16

Neste veke startar berg- og skredsikringsarbeid på Vaksdal, Stanghelle og Helle. Arbeidet vil føre til kolonnekøyring på E16 på dagtid.

Arbeidet startar først på Helle, og omfattar reinsk og sikring av fjellskjeringar og andre tiltak for å sikre dei framtidige anleggsområda. Det er berekna at arbeida vil ta om lag eitt år. Nordisk Fjellsikring AS utfører arbeidet på vegne av Fellesprosjektet Arna–Stanghelle.

Kolonnekøyring på dagtid

I første omgang blir det ei kort strekning med kolonnekøyring med ledebil mellom Lågaskarstunnelen og Helle. På denne strekninga vil kun eitt køyrefelt vere ope. Trafikantar må rekne med kortvarig stans i trafikken på inntil 15 minutt i påvente av ledebil. Kolonnekøyringa i dei første to vekene vil være måndag til torsdag frå klokka 07:00 til 19:00 og deretter frå måndag til laurdag frå klokka 07:00 til 19:30.

Slik held du deg oppdatert på trafikkmeldingar

Det vil kome endringar i kolonnekøyringa fram mot sommaren. Oversikt over kolonnekøyring og anna arbeid på strekninga og oppdaterte vegmeldingar er tilgjengeleg på vegvesen.no/trafikk.

Prioriterar å ferdigstille arbeid som krev kolonnekøyring først

Arbeidet på Stanghelle og Helle er venta å vere ferdig i løpet av november. Arbeid som krev kolonnekøyring på E16 vert prioritert og er venta ferdig i slutten av august.

Årsaka til at det  vert kolonnekøyring er at områda det skal verte arbeidd i ligg tett på E16 og at det i periodar kan vere fare for nedfall i samband med sikringsarbeidet.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur