E39 Nordhordlandsbrua. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 30.09.2022 

Nordhordlandsbrua har opna for vanleg trafikk

Arbeidet med å overflatebehandla Nordhordlandsbrua er ferdig, og trafikken går no som normalt.

Byggeleiar Gunnar Juuhl i Statens vegvesen er svært glad for å kunna komma med ei gladmelding til trafikantene, og at jobbinga på brua i all hovudsak er i mål.

Beklagar ulemper

– Nokre mindre avsluttande arbeid står att, men desse vil ikkje påverka trafikken, seier Juuhl.

Han legg ikkje skjul på at det har vore utfordringar i prosjektet, noko som har medført at trafikantane har måtta leva med anleggsarbeid i lengre tid enn planlagt.

– Vi beklagar ulempene dette har medført for trafikantane, men vi er no glade for å vera i mål, og brua står no betre rusta til å tåla tidas tann som alltid vil tæra på bruer og brukonstruksjonar.

Kvifor er bruvedlikehald viktig?

Og det er nettopp difor bruvedlikehald som dette er viktig, utdjupar Juuhl.

Vér og vind, salt sjøsprøyt og temperaturforandringar kan gi rust- og forskjellige typer slitasjeskadar både på fundament, rekkverk, bruplate, brutårn og stag.

Vedlikehald av bruer handler om å ta vare på det vi har, til beste for både trafikantene og miljøet.

Drift å er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarar det i morgon.

Ein viktig del av dette er å ha eit strengt inspeksjonsregime som syter for at vi til ei kvar tid har oversikt over kva som trengst av vedlikehald på kortare og lengre sikt på våre bruer.

– Vi er opptekne av å gjera vedlikehald som varar. Vi har forståing for vegarbeid som det på Nordhordlandsbrua kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minne om at vi gjer det nettopp for det, for å sikra at vi kan gi eit trygt og føreseieleg framkomeleg transportsystem på E39 nord for Bergen også i framtida, avsluttar byggeleiar Gunnar Juuhl i Statens vegvesen.

Det blir eit rettsleg etterspel om vedlikehaldsprosjektet, og rettssaka er beramma til juni 2023.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur