Samferdselsminister Hareide klippet snora på markeringa for den nye vegen. Foto: Henrik Jonassen/SD
Emner
Publisert
24.09.2020

Ny og meir vintersikker veg mellom Bergen og Oslo opna

Samferdselsminister Knut Arild Hareide opna i dag E16 Øye-Eidsbru. Med den siste delstrekninga er det til saman 40 kilometer med forbetra veg på E16 over Filefjell.

– Vegen over Filefjell er no vintersikra, og bind landet saman frå aust til vest. Vegen er med på å halde Noreg i gang, difor er dette viktig for heile landet.  No kan gods og folk kome seg tryggare fram over denne fjellovergangen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Utbetringane har totalt kosta 3,44 milliardar kroner, og blei 10 prosent rimelegare enn planlagt.

Utbygginga av E16 Filefjell har gitt betre regularitet over fjellet om vinteren. Etter at dei mest kritiske partia vart utbetra i 2017 har det vore mindre behov for kolonnekøyring.

– Både gode veger og fornuftig ressursbruk er viktig. Statens vegvesen har med dette prosjektet lukkast med begge deler, seier Hareide.

Nye E16 ligg i omtrent same trasé som tidlegare veg, med unnatak av tunnelane. Det er difor berre om lag 1,5 kilometer innkorting. I køyretid er det derimot vesentleg innsparing sidan betre vegstandard gir høgare gjennomsnittsfart.

Fakta:

  • Prosjekt E16 Filefjell går frå Øye i Vang kommune over Filefjell, 992 meter over havet og ned til Borlaug i Lærdal kommune.
  • Strekninga er 40 kilometer lang og inneheld tre tunnelar på til saman 12 kilometer.
  • Dei tre siste vintrane har E16 Filefjell vore kolonnekøyrd eller stengd i 130 timar til saman, mot 779 timar på Hemsedalsfjellet, 1681 timar på Haukelifjell og 1066 timar på Strynefjellet.
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur