Vegprosjekt stiller alltid store krav til beskyttelse av klima og miljø, og dei som jobbar i prosjektet kjenner området godt, og besøker det ofte. Her frå befaring på Tysnes mai 2021. Foto: Sunniva L. Seterås
Publisert: 23.06.2021 

Økologisk kompensasjon blir utgreidd for E39 Stord–Os (Hordfast)

Pilotprosjekt utgreier økologisk kompensasjon i samband med planarbeidet til E39 Stord–Os (Hordfast).

Samferdsledepartementet har gjeve Statens vegvesen i oppdrag om å sjå på behovet for økologisk kompensasjon i prosjektet E39 Stord–Os.

– Bakgrunnen for oppdraget er at planarbeidet har vist oss at området inneheld mange regionale og nasjonale naturverdiar. Og ei av målsettingane til prosjektet og regjeringa er å redusere inngrep i verdifull natur, seier Karianne Thøger Haaverstad, naturforvaltar og ansvarleg for oppfølging av oppdraget om økologisk kompensasjon i Vegvesenet.

Pilotprosjekt – eit særskild oppdrag for E39 Stord–Os

Økologisk kompensasjon har til no blitt utløyst av prosjekt som har gått gjennom natur verna etter Naturmangfaldlova. Av fleire verkemiddel er dette siste utveg for å redusere negative konsekvensar for naturen ved større naturinngrep.

Naturmangfald som vert påverka av utbygginga på E39 Stord–Os, har i hovudsak ikkje særskild vern etter naturmangfaldlova. Det eksisterer derfor ikkje eit godt utvikla rettsleg rammeverk og heller ikkje mykje erfaring med å stille krav om og gjennomføre tiltak knytt til økologisk kompensasjon i eit slikt prosjekt. Det er derfor gitt eit særskild oppdrag i dette prosjektet, og vi ser på dette som eit pilotprosjekt.

– Omsynet til klima og miljø er eit viktig tema i alle vegprosjekt, og no endå meir med dette pilotprosjektet. Vi er glade for at Samferdsledepartementet har tatt dette initiativet som vil gi eit fyldigare beslutningsgrunnlag. Vi som arbeidar i prosjektet, kjenner området godt og besøkjer det ofte. Eit godt kunnskapsgrunnlag er heilt sentralt for å kunne vurdere behov og omfang for økologisk kompensasjon, understrekar Haaverstad.

Ikkje vedtatt – men behovet vert utgreidd

Som ein del av utgreiinga, skal det dokumenterast kva som er gjort gjennom heile planprosessen for å redusere skadeverknader av moglege inngrep i verdifull natur.

– Det er altså ikkje vedtatt at det skal kompenserast, men behovet skal utgreiast. Utgreiinga skal baserast på regjeringa sine prinsipp for økologisk kompensasjon, fortel Haaverstad.

Svaret på oppdraget skal inngå i saksutgreiinga når Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) skal vedta reguleringsplanen, og utgreiinga skal også vere grunnlag for vidare oppfølging og eventuell avgjerd om økologisk kompensasjon.

Økologisk kompensasjon – eit av fleire verkemiddel

Tap av naturmangfald er ei av dei viktigaste miljøutfordringane i dag. Den viktigaste årsaka til at artar og naturtypar forsvinn er arealendringar. Dette gjeld internasjonalt og det gjeld i Noreg. Økologisk kompensasjon er eitt av fleire verkemiddel for å redusere tapet av verdifull natur.

Illustrasjon av tiltakshierarkiet som skal sikre at ein fyst og fremst unngår negativ påverknad, deretter avgrensar skadeverknader, at natur blir sett i stand, og som ein siste utveg – at det setjast i verk kompenserande tiltak.

Arbeidet for å redusere tap av verdifull natur vert gjort systematisk gjennom å følgje tiltakshierarkiet (sjå figur). Det betyr at utbyggar skal først søke val av alternativ som unngår negativ verknad på naturen. Dersom det ikkje er mogleg kan ein prøve å avgrense konsekvensar, deretter gjennomføre avbøtande tiltak eller restaurere direkte verknader i etterkant av utbygginga. Økologisk kompensasjon er siste utveg for å redusere negative konsekvensar for naturen.

Det er gjennomført fleire samferdsleprosjekt med økologisk kompensasjon i Norge. Desse kan ein lese om i evalueringsrapportar Fysisk kompensasjon.

Definisjon av økologisk kompensasjon

Økologisk kompensasjon inneber at den ansvarlege for ei utbygging som øydelegg eller skadar verdifull natur kompenserer for denne øydelegginga eller skaden. Kjernen i økologisk kompensasjon er at økologiske funksjonar som går tapt, vert erstatta av kompenserande tiltak. Kompensasjonen vert gjennomført ved å restaurere, etablere eller beskytte natur av same type på ein annan stad enn naturen som vert råka av utbygginga. Føremålet er å avgrense netto tap av verdifull natur.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur