Frå jobben Statens vegvesen har gjort under Måløybrua sidan september. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 22.02.2023 

Opnar vestre seglingsløp under Måløybrua

Tysdag 28. februar klokka 15.00 opnar Statens vegvesen vestre seglingsløp under Måløybrua.

Det har vore stengt for all sjøtrafikk frå og med 14. september, i samband med bygging av skipsbarriere, ein konstruksjon som skal hindra at skip køyrer på midtre brupilar.

Dette er prosjektet

Jobben har i denne omgang bestått i graving, sprenging og støyping av fundament for skipsbarriere. Dette har vore eit omfattande arbeid.

– Det er tryggleiksomsyn som har gjort at vi har måtte stenge vestre løpet for all sjøtrafikk i anleggsperioden, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen.

Farleia har vorte stengd med bøyer nord og sør for vestre seglingsløp. Merkinga av begge seglingsløp har vorte endra, og det var vore vakthald døgnet rundt.

I samband med opninga, må Statens vegvesen 28. februar stenga gangfelta oppe på brua i kortare periodar.

Vi må stenga igjen til våren

– Til våren skal vi bygga sjølve skipsbarrieren. Då må vi igjen stenga vestre seglingsløp ein periode. Vi kjem tilbake med eiga varsling på dette, og viser elles til Kystverket si Facebook-side «Måløybrua – endring av seilingsmønster», legg Rindal til.

Før vi starta arbeidet med å førebu bygging av skipsbarriere, gjorde vi eit større vedlikehaldsarbeid på Måløybrua i åra 2018-21. Vi reparerte skadar på brua, og monterte anlegg for katodisk vern, noko som hindrar at armeringa rustar.

Dette arbeidet bidreg til å auka bruas levetid. Den 1224 lange Måløybrua vart opna for trafikk i 1973, og ligg lengst vest på riksveg 15, i Kinn kommune.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur