Prøvestikking på steinalderbuplass. Foto: Atle Jenssen
Publisert: 03.03.2022 

Oppstart av arkeologiske registreringar i planområdet for E39 Stord-Os

Arkeologiske registreringar i planområdet startar no i vår.

I perioden 21. mars til 31. oktober vil det bli gjennomført arkeologiske registreringar i planområdet til E39 Stord-Os (Hordfast)

– Grunneigarane vil få eit eige brev om dette arbeidet der det blir bedt om eit samtykke til å gjennomføre arbeidet på eigedomen, seier planleggingsleiar Ellen Slinde

Det er Vestland fylkeskommune som vil utføre det arkeologiske arbeidet, medan Statens vegvesen er tiltakshavar.

– Formålet er å undersøke om planlagde tiltak kan råke ukjende automatisk freda kulturminne som til dømes førhistoriske busetnadsspor, seier Slinde.

Det er naudsynt for Statens vegvesen å gjennomføre registreringar for å oppfylle undersøkingsplikta  etter §9 i kulturminnelova.

Forventar funn i området frå stein- og jernalder

Fagansvarleg arkeologi i Statens vegvesen Atle Jenssen er spent og ser fram til at arbeidet skal starte opp.

– Ein kjenner til førhistorisk kulturminne i heile planområdet, men det er gjennomført få arkeologiske undersøkingar på Tysnes, noko som gjer det særskilt spanande å sjå kva som vil dukke opp, fortel Jenssen.

Ein kan truleg forvente funn frå heile forhistoria, frå steinalder fram til jernalder, som alle er automatisk freda.

– Det ein gjerne finn i samband med slike registreringar, er buplassar med forskjellige reiskapar frå steinalder, og busetnadsspor frå bronse- og jernalder, fortel Jenssen.

I tillegg finn ein gjerne og førhistoriske graver.

Arbeidet startar i mars og arkeologane vil då først gjere seg kjent i området. Arbeidet vil for dei fleste eigedomar bestå av overflatesøk og/eller prøvestikking med spade. For nokre eigedomar er det lagt opp til graving av søkesjakter med gravemaskin.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur