Fra venstre: Aamot,Thorsnes og Børslid. Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen
Publisert: 11.04.2022 

Passert halvvegs i tunnelen på Myrmel-Lunde

Tunneldrivinga på E39 Myrmel-Lunde går etter planen, og denne veka fekk entreprenøren kake for vel passert halvvegs i tunnelen.

– Arbeidet har gått fint, og vi ligg foran framdriftsplan på tunnelen. Vi får jobba jamt og trutt, då trafikken går fritt forbi på omkøyringsvegen. Så dette er ein god løysing, seier anleggsleiar Pål Børslid i AS Birkeland Entreprenørforretning, som er hovudentreprenør på anlegget.

Denne veka fekk dei kake frå Statens vegvesen som takk for god innsats med tunneldrivinga så langt. Dei har no passert 570 meter inndrift på den rundt 1 km lange tunnelen, som leiar trafikken under og bak gardane på Myrmel på E39-strekninga mellom Førde og Vadheim.

Jobbar godt og trygt

– Dei gjer ein god jobb i tunnelen, og dei jobbar godt med HMS. Arbeidet har så langt gått utan skadar av noko slag, så dette er noko som må markerast, seier byggeleiar Jan Bjarne Thorsnes i Statens vegvesen.

Birkeland har med seg Hirth Himle Entreprenør AS og Fosse Maskin og Transport AS på graving og masseflytting på anlegget. Mykje sprenging må til for å få rett linjeføring på vegen, og så langt er 75-80.000 kubikkmeter fjell sprengt ut langs dagsona og ein tilsvarande mengde er tatt ut frå tunnelen. Massehandtering og steinknusing føregår på riggområdet sør for tunnelen.

– Det ser ut til at vi får god massebalanse på anlegget. Kanskje vi får eit lite overskot, men det vil nok gå med til å planere ut riggområdet heilt på slutten av anleggstida, seier byggeleiar Thorsnes.

Arbeid også på nord-enden

Tunneldrivinga vil halde fram gjennom våren og sommaren, og gjennomslag i tunnelen vert truleg i oktober. Frå nordsida er tunneldrivinga akkurat starta opp, og der skal det drivast 40-50 meter innover, før arbeid med tunnelportal nord startar. Stort sett har dei hatt gode arbeidstilhøve i vinter, men etter ein snøfattig start, kom vinteren for fullt i januar og februar med mange store snøfall som gav ein del arbeid med snørydding.

Veganlegget E39 Myrmel-Lunde sysselset rundt 40 personar frå entreprenørane og 5-6 personar på byggherrekontoret til Statens vegvesen. Iberekna personell frå Norconsult som prosjekterer i totalentreprisen og Vegvesenet sitt tekniske støttepersonell er opp mot 60 personar engasjerte i vegbygginga.

– Me har eit godt team med oss, som handterer alle sider ved vegbygginga. Og me er heldige som har fått eit godt samarbeid med entreprenøren på anlegget, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen, og får støtte frå anleggsleiar Børslid hos entreprenøren.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur