Foto: Nasjonal Rassikringsgruppe
Emner
Publisert
13.04.2021

Rassikring av fylkesvegane må prioriterast i ny Nasjonal Transportplan (2022-33)

Nasjonal Rassikringsgruppe er fornøgd med satsinga på rassikring på riksvegane i NTP. Vi finn derimot inga satsing på rassikring av fylkesvegane. Berre ei vidareføring av dagens altfor låge rammer. Dette kan vi ikkje akseptere. Nasjonal Rassikringsgruppe krev derfor to milliardar kroner meir årleg til rassikring av fylkesvegane i NTP. Midlane må tildelast rasfylka etter registrerte rassikringsbehov. Det må kome ei tydeleg satsing på rassikring av fylkesvegane. Det kostar minst 35 milliardar å sikre dei farlegaste skredpunkta på fylkesvegnettet.

Kronikk av Jenny Følling, leiar i Nasjonal Rassikringsgruppe.

Våre liv kan ikkje vere avhengige av kven som eig vegen. Alt for mange må leve med frykt og er utrygge fordi dei bur på rasfarlege plassar i Norge. Dei må frakte barna sine langs rasfarlege vegstrekningar eller pendle forbi rasområde. Bedrifter opplever ustabil varelevering og verditap fordi vegen er stengt av ras eller fare for ras.

Foto: Nasjonal Rassikringsgruppe

Stortinget vil dei næraste månedane avgjere endeleg innhald i planen. Vi går no i dialog med partia på Stortinget og deltek i høyring i Stortingets Transportkomite for å få ei auka satsing på rassikring på fylkesvegane. Nasjonal transportplan må også innehalde ein heilskapleg plan for skredsikring av riks- og fylkesvegane.

Nasjonal rassikringsgruppe meiner rassikring er viktig for tryggleik for folk og samfunnet. Innsatsen til rassikring må tredoblast for å sikre dei mest rasutsette vegane våre. Kravet har sterk støtte frå næringslivet og frå fagmiljø som Opplysningsrådet for Veitrafikk (OFV), sjømatnæringa, transportnæringa (NLF) og fleire.

Kvifor rassikring er viktig

Skredfare skaper redsel og usikkerhet. Ras tar liv og skader folk. Sikker veg skal være ei prioritert oppgåve, ikke ekstraservice. Næringsliv og offentleg og privat tenesteyting er avhengig av god regularitet. Stengning av veg på grunn av rasfare er kostbart, skapar usikkerheit og lagar ein uforutsigbar kvardag. Klimaendringane aukar kompleksiteten.

Førebyggande skredkontroll og varsling

Det kan verke uoppnåeleg å handtere dei store rasutfordringane. Men det finst mogelegheiter. Ny teknologi gir handlingsrom og alternative måtar å sikre mot skred gjennom overvaking, varsling og førebygging. Ny teknologi er eit viktig innspel i komande NTP som kan vere med på å auke det økonomisk handlingsrommet og gi tryggare veg utan fullgode og konvensjonelle løysingar som tunnel og skredoverbygg. Ny teknologi kan gi tryggare veg og betre framkomst. Investeringane i førebyggande skredkontrollanlegg er låge. Det er drifta som utgjer sikringa og lokalkunnskap, menneskeleg kompetanse og erfaring avgjerande.

Behovet for nasjonal koordinering av skredsikringsbehovet

Nasjonal rassikringsgruppe ber Samferdselsdepartementet om å ta eit koordinerande ansvar for å sikre lik praksis og felles kriterie for skredregistrering, og ta ansvar for å legge fram oversikt over det totale skredsikringsbehovet på riks- og fylkesveier ved rulleringa av NTP. Dette må vere grunnlag for prioritering av prosjekt i Nasjonal Transportplan og prioritering i fylkeskommunane.

Nasjonal rassikringsgruppe representerer dei sju mest rasutsette fylka Vestland, Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, Innlandet, Trøndelag og Rogaland.

Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur