Foto: Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet
Emner
Publisert
22.02.2021

Regjeringa styrkar prinsippet om at forureinar skal betale

Regjeringa foreslår ei lovendring som byggjer opp under prinsippet om at forureinar skal dekkje alle kostnadar ved forureining. Dersom forureinar ikkje set i gang tiltak forureiningsmyndigheta har pålagt dei, kan myndigheita setje i gang tiltak sjølv. Myndigheita kan i dei tilfella krevje inn kostnadene frå forureinar i etterkant. Med lovendringa kan myndigheita i tillegg krevje renter for heile perioden, også i perioden før det kan krevjast forseinkingsrente – såkalla avsavnsrente.

Lovendringa blei lagt fram i ein proposisjon for Stortinget i dag.

– Det er eit internasjonalt grunnleggande prinsipp at ansvarleg forureinar skal betale og at skadelidne skal få full erstatning. Det er derfor viktig at forureiningsmyndigheita får dekt alle sine kostnadar dersom dei har satt i verk tiltak på vegne av nokon som har forureina. Det er ikkje offentlegheitas ansvar å dekkje desse kostnadane. Etablering av ein lovheimel om avsavnsrente vil auke forureiningsmyndigheitas moglegheit for å få dekka kostnadane, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Avsavnsrenta skal dekkje tapet forureiningsmyndigheita har hatt ved å ikkje kunne disponere over pengar dei har krav på.

Lovendringa foreslår at pengemarknadsrenta tillagt fire prosentpoeng skal nyttast som rentesats ved berekning av avsavnsrente. Endringa er ein del av forureiningslova § 76.

Les regjeringas forslag om endring i forureiningslova (Prop. 87 L (2020/2021).

Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur