Snoren vart kutta av statsekretær i samferdselsdepartementet, Tom Kalsås (Ap). Han var flankert av ordførar Jenny Følling i Sunnfjord (f.v) og utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen, fylkespolitikar Trude Brosvik og Christian Rekkedal frå statsforvaltaren. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 11.11.2022 

Rv. 5 Kjøsnestunnelen er opna

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) kutta onsdag snoren på den 8,6 km lange Kjøsnestunnelen i Sunnfjord kommune. Tunnelen sikrar den rasutsette strekninga mellom Sogndal og Skei.

– Dette er eit viktig prosjekt for å sikre ein svært rasfarleg strekning, og rassikring er ein viktig prioritet for denne regjeringa, sa statssekretær Tom Kalsås (Ap) frå samferdselsdepartementet, før han skar av snora foran den 8,6 km lange tunnelen i Sunnfjord kommune i Vestland.

Berykta strekning

Tunnelen på rv. 5 mellom Sogndal og Skei (E39) er ein viktig brikke på hovudvegnettet mellom Sunnfjord og Indre Sogn, og Kjøsnesfjorden har lenge vore berykta for steinnedfall og fleire stygge ulykker grunna ras. Vegen er også viktigaste tilkomstveg til sykehuset i Førde for befolkninga i Indre Sogn.

Foto: Statens vegvesen

Mange var møtt fram for å få med seg opningsseremonien, og med svingande marsjar frå Jølster musikklag, nydeleg felespel frå Erlend Apneseth og eit fyldig kakebord vart det ein stemningsfull stund før sjølve snorklippinga.

200 mill billegare

– Dette veganlegget har vore særs velukka med tanke på framdrift og godt samarbeid mellom entreprenøren og Vegvesenet. Vi har også levert et veganlegg rundt 200 millionar under styringsramma vi hadde til rådvelde, sa utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.

Totalkostnaden på anlegget enda på 1,1 mrd kr, godt under ramma på 1,3 mrd.

Hæhre Entreprenør AS har vore totalentreprenør på strekninga, og Hæhre sin prosjektleiar Ole Jakob Gjetrang kunne informere om at det ikkje har vore skadar som har ført til varig mein eller sjukefråvêr på anlegget.

Korona slo inn

– HMS-resultata våre er me svært nøgde med! I tillegg fekk me korona-pandemien med oss gjennom store delar av anleggsperioden, då sjukdomen slo til berre månader etter at me hadde starta på anlegget. Strenge hygienetiltak til tross, så klarte me å halde full produksjon på anlegget og gjennomføre på tida, sa Gjetrang.

Hæhre har hatt hjelp av Muliconsult på prosjektering og Otera Traftec har stått for elektroarbeidet i tunnelen. Kjøsnestunnelen er ei forlenging av den tidlegare Støylsnestunnelen som var på 2,1 km.

Samvirke mellom prosjekt

Før Hæhre starta på jobben var alt eit tverrslag og noko av tunnelen sprengt ut for å sikre masse til å bygge E39 Bjørset-Skei, som opna for eit par år sidan. Den nye tunneldelen er på ca 6,5 km, og i den gamle tunneldelen vart det gamle elektroanlegget demontert, og nytt utstyr innstallert for å matche den nye delen.

Også Sunnfjord-ordførar Jenny Følling, Christian Rekkedal frå statsforvaltaren, Trude Brosvik frå fylkestinget i Vestland og NAF Fjordane og Ytre Sogn bidrog med talar under vegopninga.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur