Illustrasjon: Statens vegvesen
Emner
Publisert
18.02.2021

Rv. 555 Sotrasambandet: Har motteke tre tilbod på støykontrakt på 250 millionar

Alle dei tre leverandørane som vart prekvalifisert har levert inn tilbod på kontrakt om lokale støytiltak på bustader langs nytt Sotrasamband.

Leverandørane som har levert tilbod er lokale firma

  •  Åsane Byggmesterforretning AS
  •  Bergan bygg AS
  •  TH BHAS BYGG

Kontrakten er utforma som ei fireårig rammeavtale med opsjon på forlenging. Etter gjennomført forhandling vil inntil tre leverandørar kunne tildelast kontrakt. Dei vil deretter konkurrere på oppdrag gjennom eigne avrop innanfor rammeavtala.

Tildeling i april

Kontraktsmodellen som er valt gjer arbeidet føreseieleg for Statens vegvesen i gjennomføringa samstundes som konkurranse på kvalitet og pris er sikra gjennom avrop på rammeavtala.

Illustrasjon: Statens vegvesen

Byggeleiar i Statens vegvesen Birger Ræmisch Matthiessen er godt nøgd med at alle tre har levert tilbod.

– No skal tilboda forhandlast. Planen vår er å tildele kontrakten i løpet av april, med kontraktssignering i mai.

Mathiessen håpar dei første arbeida kan setje i gang i løpet av sommaren.

Om støytiltaka

Det skal gjerast støytiltak på i underkant av 300 bustader på strekninga frå Loddefjord i Bergen vest til Kolltveit i Øygarden. Bustadene som har fått innvilga støytiltak ligg langs traseen til ny riksveg 555.

Arbeidet med støytiltak vert starta opp før signering av OPS-kontrakten for nytt Sotrasamband. Det er mange bustader som skal ha støytiltak og arbeidet vil difor òg gå parallelt med gjennomføringa av OPS-kontrakten, som etter planen har oppstart hausten 2021

Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur