Foto: Erik Burås for Samferdsel & Infrastruktur
Publisert: 30.08.2022 

Samferdselsministeren har motteken rapport frå Statens vegvesen om null- og lågutsleppssoner i byområde

– I juni 2021 gav Samferdselsdepartementet Statens vegvesen i oppdrag å gjere ei vurdering av eit pilotprosjekt med nullutsleppssoner i nokre få byar. Vi har fått vurderinga, og må no ta stilling kva vi gjer vidare, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Noreg har som mål å redusere klimagassutsleppa med 50 til 55 prosent innan 2030, og transportsektoren må ta store delar av desse kutta. Derfor har Samferdselsdepartementet måtte sjå nærare på ulike verkemiddel for å redusere utslepp.

– Nullutsleppssoner og lågutsleppssoner er verkemiddel som vil kunne bidra til å nå Noregs klimamål og -forpliktingar, mellom anna fordi det kan bidra til ei raskare innfasing av nullutsleppskøyretøy, seier Nygård.

Oppdraget vart gitt etter at fleire norske byar har ønska å opprette nullutsleppssoner for å redusere utsleppa av klimagassar. Særleg Oslo og Bergen har etterspurt eit slikt verkemiddel. Statens vegvesen peiker på at det vil kunne krevje ei lovendring for å etablere nullutsleppssoner.

I oppdraget til Statens vegvesen ble det også forespurt om ein kunne sjå nærare på vilkåra for lågutsleppssonane, slik at desse også kan opprettast med hensyn til klima.

Kommunane kan i dag fastsetje ein lågutsleppssone av omsyn til lokal luft. Ein av konklusjonane frå Statens vegvesen er at det vil være mogeleg å justere/myke opp vilkåra slik at lågutslippssonar kan opprettast av omsyn til klima.

– Eg har no fått rapporten frå Statens vegvesen, og vi vil vurdere saka nærare før det vert tatt stilling til ein vidare prosess, seier samferdselsministeren.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur