Foto: Vy/Mads Kristiansen
Publisert: 09.01.2024 

Samferdselsministeren med lovnad om meir punktlege tog i dei komande åra

Samferdselsministeren kom med lovnaden om meir punktege tog i Jernbanetalen 2024. Talen er den første i sitt slag.

– Vårt mål er at toga skal kome og gå slik det står i rutetabellane. Her har vi ikkje alltid vore flinke nok. I dei komande åra skal togtrafikken bli meir punktleg. Dette er ein lovnad frå alle i jernbanesektoren til dei reisande og godsnæringa, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Vil prioritere tiltak i ny NTP

Før påske legg regjeringa fram ny Nasjonal transportplan (NTP). Her kjem ulike tiltak som gjer at fleire tog skal gå i rute.

– Meir punktlege tog vil gi meir nøgde passasjerar og fleire vil ta toget. Vår viktigaste oppgåve er å sikre eit godt, trygt og påliteleg togtilbod på den jernbanen som vi allereie har. Berre på Austlandet er det 160.000 som reiser med tog på ein vanleg kvardag. Dei vil vi ikkje skuffe, seier Nygård.

Handlar om meir enn pengar

– Alt handlar ikke berre om tiltak som kostar pengar. Vi treng betre samarbeid og koordinering mellom etatar og verksemder, og ein enda sterkare kultur i sektoren for forhindre forsinkingar og instillingar. Alle ledd i den store jernbanefamilien må kvar dag arbeide for dette. Her har eg høge forventingar om at etatar og verksemder vil levere betre i i åra om kjem, seier samferdselsministeren.

Ta betre vare på eksisterande jernbane

Auka innsats på drift, vedlikehald og fornying, og bedre utnytting av midlane som Stortinget løyver var blant forventingane og styringssignala som Nygård trakk fram i jernbanetalen for 2024.

Talen blei halden for leiarar i etater, verksemder og organisasjonar i jernbanesektoren.

Les jernbanetalen. 

Sjå talen i opptak. 

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur