Select Language
  • English
  • French
  • German
  • Italian
  • Spanish
Hjem » Satsinga på samferdsel held fram
Satsinga på samferdsel held fram

Satsinga på samferdsel held fram

EMNE: Samferdsel
PUBLISERT: 08.October.2018

– Regjeringas satsing på samferdsel bind landet tettare saman. Vi byggjer veg og jernbane i eit tempo som aldri før, og vi satsar på teknologi. Gjennom det skaper vi ein enklare kvardag for folk flest, styrkjer næringslivets konkurransekraft, og utvider bu- og arbeidsregionane. Regjeringa foreslår å løyve 73,1 milliardar kroner til samferdsel. Dette er ein auke på 5,4 milliardar kroner eller 7,9 prosent frå saldert budsjett 2018. Med dette forslaget har samferdselsbudsjettet auka med heile 75 prosent sidan 2013.

Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at regjeringa i dag legg fram statsbudsjettet for 2019.

– God infrastruktur er ei investering i framtidig velferd. I 2019 foreslår regjeringa å løyve 73,1 milliardar kroner til samferdsel. Av dette går 65,2 milliardar kroner til å følgje opp Nasjonal transportplan 2018-2029. Hovudprioriteringane våre i samferdselsbudsjettet tek også utgangspunkt i hovudmåla i Nasjonal transportplan, med betre framkome for personar og gods i heile landet, færre transportulykker og lågare utslepp av klimagassar, seier Dale.

Vidare satsing på veg og trafikktryggleik

Betre vegar skaper ein betre reisekvardag for pendlarar og oss alle, og gjer at godstrafikken kjem raskare fram. I tillegg veit vi at trygge og sikre vegar er avgjerande i arbeidet med trafikktryggleiken. Denne regjeringa har auka satsinga kraftig på vedlikehald av og investering i vegar. Vedlikehaldsetterslepet på riksvegnettet blei frå 2015 redusert for første gong på fleire tiår. Med budsjettforslaget vil det samla vedlikehaldsetterslepet på riksveg bli redusert med om lag 1,8 milliardar kroner i 2019, seier Dale.

Regjeringa foreslår om lag 5,7 milliardar kroner til vedlikehald og fornyingstiltak på riksveg i 2019. Det er ein auke på om lag 600 millionar kroner frå 2018. Sidan 2015 er vedlikehaldsetterslepet blitt redusert med om lag 7 milliardar kroner.

Med opning av mange vegstrekningar og til saman 104 kilometer med firefelts motorveg, bind vi landet tettare saman. I 2019 foreslår vi vidare å starte opp fleire nye vegprosjekt, seier Dale.

Til konkrete trafikktryggleikstiltak foreslår regjeringa 514,4 millionar kroner i 2019. I tillegg er det lagt til grunn om lag 40 millionar kroner i ekstern finansiering. Midlane vil i hovudsak bli nytta til tiltak for å hindre de alvorlegaste ulykka, som møteulukker og utforkøyringsulukker. Dette kjem i tillegg til satsinga på å byggje nye veger og vedlikehalde eksisterande.

Styrkinga av jernbanen held fram

Satsinga på jernbane har gitt resultat. Passasjerar og næringsliv har fått eit stadig betre togtilbod. Vi ser ein kraftig vekst i talet på reisande, talet på avgangar aukar, og toga blir fornya.

Vi held fram å styrkje arbeidet for å løfte norsk jernbane til eit moderne og velfungerande transportsystem, som kan frakte store mengder menneske til jobb kvar einaste dag på ein miljøvennleg måte. Jernbanebudsjettet på 26,4 milliardar kroner i 2019 er om lag 2,9 milliardar kroner eller 12,4 prosent meir til jernbanesatsing enn i 2018, seier Dale.

Vidare foreslår regjeringa å løyve 160 millionar kroner til å oppgradere og fase inn nye tog. Det blir sett inn nye togsett på Austlandet og Vossebanen.

Eit betre kollektivtilbod

Det skal vere attraktivt å velje miljøvennlege reisemåtar. Regjeringa held fram satsinga på jernbanen, og foreslår i tillegg å auke satsinga på anna kollektivtransport, og gang- og sykkelvegar. Regjeringa foreslår over 3,7 milliardar kroner til bymiljø- og byvekstavtalane og belønningsordninga i dei ni største byane. Dette er ein auke på om lag 50 prosent frå 2018, seier Dale.

For dei fire største byområda som inngår i ein bymiljø- eller byvekstavtale, tek staten halvparten av rekninga i store kollektivinfrastrukturprosjekt. I 2019 foreslår regjeringa å nær doble satsinga samanlikna med 2018. Fornebubanen i Oslo og Akershus, Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen, Metrobuss i Trondheim og Bussveien på Nord-Jæren vil få over 1,5 milliardar kroner.

Legg til rette for sjøtransporten

Regjeringa har eit mål om å overføre meir gods frå veg til sjø. Det styrkjer nærskipsfarten, gir miljøgevinst og færre lastebilar på vegane våre.

Vi vil halde fram arbeidet med å leggje til rette for ei styrking av sjøtransporten. Vi ser at skipa blir stadig større, og dette skaper store utfordringar når dei skal inn til hamnene. Det er difor heilt naudsynt å utbetre farleiene for å leggje til rette for innsegling med større fartøy. Regjeringa foreslår midlar til både ferdigstilling og oppstart av farleiprosjekt i 2019, seier Dale.

Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga med 40 millionar kroner for å trappe opp arbeidet med vedlikehald av navigasjonsinnretningar til sjøs.

Luftfart

For regjeringa er det høgt prioritert å sikre eit godt transporttilbod til Distrikts-Norge. Ein viktig del av dette er å sikre eit godt flytilbod i distrikta. Difor har vi ei rekke tiltak som bidreg til å halde oppe eit omfattande regionalt flyrutenett, seier Dale.

Av dei om lag 1,1 milliardar kronene regjeringa foreslår å løyve til luftfartsformål i 2019, går difor 717,4 millionar kroner til kjøp av flytransport, og 31 millionar kroner til driftstilskot til ikkje-statlege flyplassar.

Regjeringa foreslår 534 millionar kroner til statleg kjøp av ulønnsame post- og banktenester. Dette er med på å finansiere postomdeling fem dagar i veka i heile landet i 2019, grunnleggande banktenester i landpostnettet og gratis framsending av blindeskriftsendingar. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 83,4 millionar kroner til laurdagsomdeling av aviser.

Tidlegare oppstart av 5G

God mobildekning er ein føresetnad for å sikre busetting og næringsliv i heile landet. Regjeringa vil leggje til rette for neste generasjons mobilnett, 5G. Staten har difor inngått avtale om tidleg frigjering av frekvensar i 700 MHz-bandet. Regjeringa foreslår å løyve 150 millionar kroner til dette, noko som legg til rette for avanserte mobiltenester og tidlegare oppstart av 5G i Norge.

Målet er at Norge skal liggje i fremste rekke i å ta i bruk ny teknologi. Det skal være attraktivt å investere i Norge, og vi som myndigheter skal spille på lag. Med 5G får vi ikkje berre ei raskare versjon av 4G som vi kjenner i dag, det blir ei plattform for innovasjon og verdiskaping. Vi ser allereie at norske selskap og gründere har begynt å posisjonere seg i denne marknaden. Her er det store mogligheiter for norske aktørar, seier Dale.

Mest Lest

Telehiv – sikkert som våren

Norsk storeslem i internasjonal ingeniørkonkurranse

Eit steg nærare ei nasjonal ramme for vindkraft

To norske talenter utvalgt til Young Professional

Feiret åpningen av ny gang- og sykkelvei i Oslo

Digitaliseringen gjennomsyrer byggenæringen

Mer båndbredde for bedre mobile tjenester

Studenter vil snu Rosenholm på hodet

Bergensfirma utvikler nanopartikler som renser betong og omgivelsene

Skisseprosjektet for ny lufthavn i Bodø ferdigstilt

Nye prosjekter ut på anbud

Har forsket på hvordan brudekker reagerer på vind

Bimodale tog framskyndes

Først med CEEQUAL sertifisering

Savner et skikkelig politisk vindkast

Veiprising – Et Smartby-initiativ som bidrar til et smartere miljø ved hjelp av finansieringsløsninger

Konsekvenser ved eventuell streik i Bane NOR

Ulrikke brøt gjennom Ulriken

Norges viktigste utlandsforbindelse har fått økt trafikksikkerhet og vegstandard

Gatelys: Et nytt nav i veinettet

Ta vare på vannet!

Ja til digitalisering

– Vi begynner å se konturene av en løsning

Digitalt veiforvaltningssytem snart klart

Teknologioptimismen må ikke bli en hvilepute

Storkontrakt til Utleiesenteret

Signerte EU-erklæring om 5G-samarbeid

Hvordan få bussen til å gå på skinner?

Gjennomførte Norges første elektriske flygning

Vegvesenet har kuttet betaling for konsulenttjenester med 215 millioner kroner

Bane NOR og Norconsult i finalen i BIM-VM for andre gang

Du og dine data er sikret på veien

Virtuell virkelighet – en ny måte å fortelle historien på

Satsing på samferdsel i statsbudsjettet

Åpning av Follobanen utsettes ett år

Ny milepæl i Trikkeprogrammet

Blir størst i Norden

Hvaler tar skrittet inn i det moderne energimarkedet

Follobanen nominert til tunnelpris

Fare for ny flomtopp

Åpner digitaliseringssenter for verdiskaping sammen med kundene

HMS i anleggsnæringen – Arbeidstilsynets prioriteringer

Slik jobbes det med å bedre næringen for maskinentreprenørene

NASTA og SINTEF skal utvikle utslippsfrie gravemaskiner

– Vi sparer veldig mye tid

Mange spektakulære bruer på gang

Viktig milepæl for ny E39

Fremtidens jernbane: Nytt dobbeltspor tatt i bruk

Arbeidsrelaterte ulykker i vegtrafikken

Skal bygge havn for verdens første autonome skip

Kan bruke støy til å se i røyklagt tunnel

Europas første plussby kan bli norsk

Signerte milliardkontrakt for ny E6 mellom Ulsberg og Vindåsliene

Skal utvikle “selvkjørende” transportmodell for Ruter

– Vi skal lære av feilene vi gjør, men også av det som er bra

Vinner stor jernbanekontrakt i Sverige

OPS: Slik skor du deg for oppdraget

En million tonn asfalt gjenbrukes hvert år

Krafttak i høyfjellet er i mål

Skal legge over 430.000 tonn asfalt

Vil forberede nødetatene

Nybrottsarbeid innen sykehuslogistikk

Ti land tester vegoppmerking i Norge

Forslag til endringer i jernbaneloven på høring

Vegvesenet og Skanska informerte klimaministeren om bærekraftig vegbygging

Siemens Mobility tildeler stor installasjonskontrakt til Nettpartner

Skal lære mer om fremtidens kraftnett

Skandinavisk lyntogforbindelse i det blå

Lavtemperatur-asfalt gir mindre utslipp og bedrer arbeidsmiljøet for asfaltleggerne

Vil gjøre VR realistisk ved bruk av “egne hender”

Skarvbergtunnelen utsettes mer

Norsk datasenter Europas grønneste med kraftløsninger fra ABB

Assemblin fikk rørkontrakten for jernbanehotellet i Drammen

Kjøper Norges første elektriske fly

Trikkebyen Oslo blir universelt utformet med nye trikker

Bygger Museumsutstikkeren i forlengelse av Munchmuseets kaianlegg

Milliard Rogfast-kontrakt er avlyst

Avinor forbereder utbygging på Tromsø lufthavn

20 % rimeligere – 20 min. raskere

Etter planen i Stavanger

Nye Veier og AF arrangerte folkefest for 7000

Nye Veier går videre med entreprenør og rådgivere for byggingen av E6

Norge kan bli fullelektrisk

Felles bransje- og leverandørdag

Nordmann testpilot for utvikling av teknologi

Mulighet for store kostnadskutt i norsk veibygging

Bygger om fergekaier for el-drift

Miljøfartsgrense er et viktig og riktig tiltak i Oslo

Samferdselsminister Jon Georg Dale har fått sin habilitet vurdert

Rambøll med ny avtale for bybanen i Bergen

Tidsreise for minister

Morgendagens tunneler

Sparer millioner på god flåteflyt

Tryggere prosjekter med digital innovasjon – RiskBIM

Regjeringen satser mye på ny teknologi

Gjør turen fra øst til vest nesten 20 minutter raskere

Lite mikroplast i norsk drikkevann

Elektrisk energi er fremtiden for transport på E39

Sparer milliarder uten kvalitetsforringelse