Kontraktområdet. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 10.03.2023 

Seks lokale firma konkurrerer om denne kontrakten

Statens vegvesen vedlikeheld no 450 kilometer veg i Nord-Rogaland og Sør-Vestland.

Dei som leverte inn tilbod var (alle prisane er eksklusive moms):

Tilbyder: Tilbudssum ekskl. mva:
Jostein Myge AS frå Avaldsnes 15.393.450,00
Vats Anlegg AS frå Vats 16.058.951,00
Vassbakk & Stol AS frå Kopervik 16.724.351,00
Landmark Maskin AS frå Bømlo 20.865.461,45
Bertelsen & Garpestad AS frå Egersund 21.163.318,75
Sigurd M Søvik AS frå Skjoldastraumen 36.552.590,00

Det kom ytterlegare eitt tilbod, men det vart avvist.

Prisane er no kontrollrekna, og Avaldsnes-firmaet Jostein Myge AS er innstilt til å få kontrakten. Den vert signert så snart karensfristen på ti dagar er ute, og jobben startar så snart som mogleg etter det.

Det vil bli signert ein kontrakt på eitt år, med moglegheit for eitt års gjensidig opsjon.

Dette er kontraktsområdet

Vegne som omfattast av kontrakten, er:

  • E134 fra Haugesund lufthavn til Liamyrane i Røldal.
  • E39 fra Bokn til Sandvikvåg ferjekai.
  • Rv. 13 fra Nesvik til Røldal.

Totalt er det snakk om 450 kilometer veg.

Dette skal Statens vegvesen gjera

– Det vi heilt konkret skal gjera, er å laga busslommer, oppgradera murar, rehabilitera midtrabattar, skifta ut rekkverk og legga ny asfalt der det trengst i samband med busslommer, seer byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.

– Vi skal laga to nye busslommer i Stordalen i, og to i Frakkagjerd i Tysvær. Vi skal også montera ein del nye skilt på rv. 13, legg han til.

Det kan bli aktuelt med trafikkdirigering i samband med prosjekta, og Statens vegvesen jobbar for at det skal bli så lite venting som mogleg for trafikantane.

– Vegvedlikehald er ein viktig del av vårt samfunnsoppdrag med å sikra eit trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett med høg oppetid, utdjupar Stange.

Konkret vil vedlikehald seia at vi oppgraderer veg og vegutstyr (alt fra lyktestolpar til røyr under vegen) til dagens standard.

– Stikkrenner som blir bytt, får auka dimensjon på røyr for å sikra betre flyt når det regnar mykje. Når vi vedlikeheld busslommer, bygger vi dei med høgare kantstein for å gi betre framkomst for påstigande busspassasjerar.

Andre tiltak som kan vera aktuelle å gjennomføra i denne kontrakten, er å betra sikten langs vegen ved å reinska i vegetasjon eller ta vekk skog. Å etablera leskur og sykkelskur står på lista over moglege forbetringar for mjuke trafikantar.

Dette er drift og vedlikehald

– Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehold er å sørga for at vi klarar det i morgeo. Å arbeida med grøfter og planera sideterreng bidreg til at vegen er i stand til å utføra sitt samfunnsoppdrag også i framtida.

Vidare utbetrar vi vegdekket der det er nødvendig. Vi skiftar eksisterande rekkverk, eller set opp rekkverk der det ikkje har vore før. Det å setta opp tørrmurer kan også verta aktuelt i denne vedlikehaldskontrakten som går rett inn i kjernen på mykje av det drift og vedlikehald av vegnettet handlar om.

– Kontraktens ansvarsområde er døme på at vi stadig gjer tiltak ute på vegen for å betra tryggleiken for trafikantene. Kvar for seg er tiltaka kanskje ikkje så synlege, og dei er heller ikke dei mest kostbare, men over tid bidreg dei til å redusera risikoen for ulukker og alvorlege hendingar, eller minska skadane når ei ulukke har skjedd.

Stange oppsummerer:

– Retta ut ein sving, laga bedte kurvatur på vegen, harmonisera vegbreidde, sprenga ut og planera sideterreng slik at trafikantene får betre sikt, laga betre og tydelegare avkøyringsfelt, laga betre busslommer, tilrettelegga alle prosjekt slik at dei vert betre også for mjuke trafikantar, montera nytt rekkverk. Dette er drift og vedlikehald.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur