Statens vegvesen sikrar no Pylsur (på kartet ramma inn med raud sirkel) mot skred. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 04.06.2025 

Sikrar riksveg 7 i Eidfjord mot skred

Statens vegvesen sikrar riksveg 7 mellom Hardangerbrua og Eidfjord mot skred.

– Dei førebuande arbeida er i alt gang, og frå førstkomande måndag startar arbeida på ein måte som påverkar trafikken på vegen, seier byggeleiar Andrea Holsen Horstad i Statens vegvesen.

– Vi skal opp med fanggjerde og isnett for å sikra vegen mot skred. Det blir korte stengingar, hovudsakleg med lysregulering. Alle kan verta utolmodige på grunn av venting, men trafikkreguleringa handlar om noko som er mykje større enn det: Nemleg alle sin tryggleik, legg ho til.

Arbeidet er planlagd ferdig til jul.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur