Publisert: 07.11.2018 

Skredsikringsprosjekt på E136 offisielt opna

– Det skal vere trygt å ferdast på norske vegar. Difor har denne regjeringa satsa mykje på skredsikring i djupe...

– Det skal vere trygt å ferdast på norske vegar. Difor har denne regjeringa satsa mykje på skredsikring i djupe dalar og langs bratte fjell. E136 gjennom Romsdalen er ei særs viktig transportåre med mykje tungtransport. Med skredsikringa ved Horgheim, sørger vi no for betre framkome og trafikktryggleik for bilistane på denne strekninga, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Det er dei to skredpunkta Dølsteinfonna og Fantebrauta i Romsdalen som no er sikra. Det er bygd ein tunnel og ein skredvoll langs vegen. Ved snøskred er lufttrykket frå skredet og snøføyken vel så farleg som skredmassane. Skredvollen på seks meter vil redusere lufttrykket frå skred. I tillegg er det montert lys som skal gje optisk leiing ved snøføyk. Dette vil gi både yrkessjåførar og folk flest som køyrer E136 gjennom Romsdalen ein betre kvardag.

Arbeidet med prosjektet har tatt to år og har kosta 215 millionar kroner. Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Tommy Skjervold (FrP), opna strekninga onsdag.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur