Riksveg 13 har vært stengd etter eit steinskred ved 07-tida. Foto Steinar Fresvik
Publisert: 22.07.2022 

Startar opninga av riksveg 13 i Hardanger

Statens vegvesen tar sikte på at riksveg 13 i Hardanger som vart stengd på grunn av skred ved Tyssedal og Stana kan opnast i løpet av tirsdag kveld.

Vegen har vore stengd etter at det gjekk eit steinskred på fleire hundre kubikk over vegen rundt klokka 07 i morges. Skredet starta om lag 500 meter over vegen, tok med seg rekkverk og tre og skapte skredvind og store bølgjer i fjorden.

Statens vegvesen har hatt geolog på staden og i helikopter for å vurdera risikoen for nye skred.

– Det er ikkje fare for nye steinskred, men styrtregn eller mykje nedbør kan løyse ut flomskred. Vi vil følgja området tett og vurdera stengning i periodar med nedbør. Men vi vurderer at det er forsvarleg å opna vegen, seier byggeleiar Rolf Anders T. Svensson i Statens vegvesen.

Først må likevel vegen ryddast. Mykje av steinen blir fjerna med hjullaster, men den største steinen må sprengast vekk. Svensson tør ikkje si når arbeidet vil vera ferdig, men håper at det vil vera mogleg å opna eitt køyrefelt i kveld. Men trafikantane må vera førebudd på heilt eller delvis stengning i kortare periodar i samband med oppryddingsarbeid.

Følg med på 175.no for oppdatert trafikkinformasjon.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur