Statens vegvesen fullfører no skredsikring ved Vikali på riksveg 13 Vikafjellet. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 12.06.2023 

Startar opp att skredsikring på Vikafjellet

Statens vegvesen fullfører skredsikringa på Vikafjellet, no når vinteren er over i høgfjellet.

– Førstkomande måndag, 12. juni, startar entreprenøren, Stetind AS, opp att arbeidet med å få ferdig fanggjerde ved Vikali, seier byggeleiar Lars Busk Grinde i Statens vegvesen.

– Først skal eit klatrelag inspisera terrenget over arbeidsområdet, for å sikra at det er trygt for dei som skal gjera vegen endå tryggare for trafikantane. Deretter skal entreprenør undertetta fanggjerdet før innernettet skal monterast på undersida, legg han til.

Statens vegvesen inspiserer alle riks- og europavegar etter fastsette intervall som skal vareta trafikantane sin tryggleik til ei kvar tid. Skredsikring skjer etter geologiske inspeksjonar.

Slik vert arbeidstidene

Jobben er førebels anslått til å ta to veker.

Arbeidstida i veke 24 blir 07.00-19.00 måndag-torsdag, og 07.00-14.30 fredag. Arbeidstida i veke 25 blir 07.00-19.00 måndag-sundag.

Det kan bli noko venting som følge av skredsikringa.

Har pause under Voss Cup, er obs på Lerum Cup

Det vert arrangert fotballcup på begge sider av Vikafjellet i løpet av arbeidsperioden.

– Det vert ikkje arbeidd medan Voss cup finn stad 16-8/6. Vi vil gjera alt vi kan for å minimera ventinga for køyrande til og frå Lerum cup i Sogndal helga etter, understrekar Grinde.

– Vi bidreg til god framkomst medan vi gjer nødvendig vedlikehald

For detaljar om trafikkdirigeringa og framkomsten oppmodar Statens vegvesen som alltid trafikantane til å bruka ein av fleire moglegheiter for å få informasjon om trafikken i sanntid:

Anten ved å sjekka 175.no, vår nye app Vegvesen trafikk, sms-varsel eller digitale friteksttavler. Det har aldri vore fleire moglegheiter til å få sanntidsinformasjon om trafikken enn i dag. Vidare tilrår vi trafikantane å berekna litt ekstra tid.

– Det er avgjerande for Vegvesenet som vegeigar å bidra til føreseieleg framkomst medan vi gjer naudsynt vedlikehald for å halda vegane trygge ikkje berre i dag, men også i morgon, understreker Grinde.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur