Rv. 13 Vågstunnelen førebudd for dei føreståande arbeida. Foto: Espen Skjærbekk/Statens vegvesen
Publisert: 26.10.2023 

Statens vegvesen aukar køyrehøgda i rv. 13 Vågstunnelen

1. november startar Statens vegvesen arbeidet med å auka køyrehøgda i rv. 13 Vågstunnelen frå 4,1 til 4,5 meter.

Det er Bergens-firmaet BMO Tunnelsikring AS som har fått kontrakten på jobben i den 850 meter lange tunnelen som ligg mellom Våge og Hylen i Suldal i Ryfylke.

– Det vi konkret skal gjera, er å sikra fjellet for vass- og frostsikring slik at heile tunnelen blir oppgradert, og vi skal montera ny kabelbru for lysa i taket. Dette gjer vi på grunn av lav høgde i tunnelen i dag, og det har skjedd at issvullar og istappar har falle ned i tunnelen, seier byggeleiar Espen Skjærbekk i Statens vegvesen.

Det har og falle ned stein, og eksisterande vass- og frostsikring er ikkje av akseptabel standard, legg han til.

Stenger tunnelen alle netter

Det er ein god del masse som skal fjernast frå tunnelen i samband dette oppdraget, og det gjer at det er naudsynt for Statens vegvesen å stenga tunnelen om nettene.

– Frå og med 1. november til og med 30. april stenger vi tunnelen på natta, frå klokka 22.00–06.00, supplerer Skjærbekk.

For å få mest mogleg effektiv arbeidsperiode, og for at heile tunneljobben skal bli ferdig snarast mogleg, blir det jobbing og nattestenging også i helgane.

– Større konsekvensar om vi ikkje gjer dette

For å minimera ulempene for trafikantane, er arbeidet lagt til den tida på døgnet det er minst trafikk.

Statens vegvesen har forståing for at arbeid som medfører venting og stenging er krevjande for trafikantane.

– Men då er det viktig å minna om vi gjer dette arbeidet nettopp for dei, for at dei skal kunna ferdast trygt til ei kvar tid.  Vegarbeid har konsekvens for trafikantene der og då, det kjem vi ikkje utanom. Men konsekvensane for trafikantane kan verta endå større om vi ikkje gjer dette arbeidet, legg Skjærbekk til.

På dagtid er det fri ferdsel i tunnelen. I periodar blir det køyring med ledebil frå klokka 18.00–22.00.

Naudetatar får ein vakttelefon for å kunna passera ved behov.

Her får du varsel om arbeidet

Statens vegvesen ut forvarsel fire forskjellige stader for å varsla trafikantane om oppdateringar på 175.no. Desse skilta står ved Sandeid, Lovraeidet, Kløvet og E134 frå aust (Røldal).

Det er avgjerande for Statens vegvesen å varsla trafikantane så godt som mogleg om arbeid vi gjer langs vegane, seier Skjærbekk.

– Det har aldri vore fleire moglegheiter enn i dag til å halda seg oppdatert om arbeid på riks- og europavegane. I tillegg til 175.no, oppmodar Statens vegvesen trafikantane også til å bruka vår nye app Vegvesen trafikk.

I gjennomsnitt køyrer det kvar dag 500 køyretøy gjennom Vågstunnelen. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 20 prosent, eller 100, lange køyretøy (tungtrafikk).

Same jobb i Suldalsporten til våren?

Kontrakten er ein totalentreprise med moglegheit for liknande arbeid i Suldalsporten i 2024.

Denne tunnelen ligg om lag ei mil frå Vågstunnelen, litt lenger inne i Ryfylke.

– Statens vegvesen har eit strengt inspeksjonsregime for alle våre vegar, og tunnelar er mellom dei mest inspiserte vegobjekta. Vi gjer alt vi kan, kvar dag heile året, for å sikra at våre 10 600 kilometer med riks- og europaveg skal vera trygge og føreseieleg framkomelege ikkje berre i dag, men også i morgon. Vedlikehaldsarbeid i tunnel er ein viktig del av dette, og eit inspeksjonsregime som det vi har er eit godt grunnlag for å setja inn rett tiltak til rett tid, avsluttar byggeleiar Espen Skjærbekk i Statens vegvesen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur