Statens vegvesen ønsker, innan området merkt med raudt, å etablera døgnkvileplass for tungtransporten. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 04.12.2023 

Statens vegvesen etablerer døgnkvileplass mellom Aksdal og Bokn

Statens vegvesen skal få bygd døgnkvileplass for E39 og E134 i Nord-Rogaland, mellom Aksdal og Bokn.

Konkurransen med tilbodsfrist 12. januar omfattar etablering, drift og vedlikehald av ny døgnkvileplass for tungtransport langs den drygt tre mil lange strekninga nord for Boknafjorden.

Det er aktuelt å inngå kontrakt med anten ein eller to private aktørar/leverandørar. Statens vegvesen legg opp til ei ordning med betaling for årleg leige.

Dette er krava til døgnkvileplassen

– Det er behov for mellom 25 og 35 oppstillingsplassar på strekninga. Vi krev at anlegget må ha servicebygg med toalett og dusj, seier fungerande seksjonssjef Geir Lorens Jørgensen i Statens vegvesen.

Den nye døgnkvileplassen skal betena tungtransport frå både E39 og E134.

Køyreavstand frå E39/E134 til innkøyring døgnkvileplass skal vera maksimalt to kilometer.

Det er i konkurransen opsjon på at vald leverandør i kontraktsperioden skal etablera ladeinfrastruktur for tungbil.

Kvar kan døgnkvileplassen ligga?

Aktuelle område for døgnkvileplass kan i prinsippet vera på heile strekninga frå toplanskrysset  E134/ E39 på Våg i Tysvær kommune til framtidig Rogfast dagsone i Bokn kommune, ikkje langt frå Arsvågen ferjekai.

Statens vegvesen har alt hatt dialog med tre grunneigarar med eigna regulert næringsareal på strekninga.

Av dei tre grunneigarane er to lokalisert i Aksdal Næringspark, og éin i Haugaland Næringspark.

– Vi oppfattar at alle dei tre grunneigarane sit på areal som kan vera eigna til døgnkvileplass.  Men vi vil og kunna vurdera etablering på andre areal, dersom arealbruk er avklart, legg Jørgensen til.

Kvifor døgnkvileplass?

Målet med denne anskaffinga er å gi eit betre tilbod til tungtransportsjåførar som skal gjennomføra normal døgnkvile, redusert vekekvile (maks 45 timar) eller ta pausar (45 minutt) innanfor regelverket om køyre- og kviletid.

Køyre- og kviletidsreglane pålegg sjåførane som køyrer tunge bilar å ta pausar og kvila tilstrekkeleg lenge til å få ein normal søvnperiode. Utkvilte sjåførar er viktig for trafikktryggleiken.

Når skal døgnkvileplassen opna?

Statens vegvesen ønskjer å signera kontrakt før sommaren 2024, og opna døgnkvileplassen innan eitt år frå då, altså før sommaren 2025.

Avtaleperioden gjeld i utgangspunktet 10 år, men opsjon for leigetakar å forlenga avtalen 1 + 1 år til totalt 12 år.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur