Arbeidet er på E134 i dette området. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 03.05.2024 

Statens vegvesen utbetrar europavegen frå Røldal og austover

Frå 2. mai utbetrar Statens vegvesen E134 i Røldal.

– Vi byrjar ved Shell-stasjonen, og skal rusta opp fortau og delar av overvassystemet. Vi jobbar oss 1,5 kilometer austover i heile fortauslengda, seier prosjektleiar Einar Stange i Statens vegvesen.

Arbeidet vert avslutta med at vi legg ny asfalt både på fortau og køyrebane, noko som etter planen skal gjerast i august.

Arbeidstider

Jobben vil verta utført på dagtid måndag–torsdag, med 12 timars arbeidsdagar. Arbeida blir avslutta torsdag kveld av omsyn til den store helgetrafikken på denne vegstrekninga.

Trafikken vert i hovudsak styrt med trafikklys, men det vil og vera nødvendig med manuell dirigering i periodar.

– Respekter arbeidsvarslinga

– Statens vegvesen oppmodar trafikantane om å hugsa på at arbeidsvarsling, trafikkdirigering og skilting er del av noko som er uendeleg mykje større enn ein sjølv og eins eige utolmod der og då. Skiltinga er der av ein grunn. Det handlar om trafikktryggleiken for oss alle, både trafikantene og dei som jobbar på og langs vegen for at han skal vera sikker og framkomeleg ikkje berre i dag, men også i morgon. Og det er nettopp derfor vi gjer vedlikehald som dette, som ein del av vårt samfunnsoppdrag, avsluttar Stange.

Arbeidet tek fri på heilagdagane i mai, og har sommarferie tre veker frå midten av juli.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur