Bilete frå dei pågåande arbeida strekninga rv. 15 Brunsvik–Almenningen i Kinn i Nordfjord. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 05.04.2024 

Stenger Brunsvik-Almenningen på natta i veke 15

I samband med arbeida på rv. 15 Brunsvik–Almenningen, må Statens vegvesen stenga vegen kvar natt frå måndag til fredag 8.–12. april.

– Entreprenøren skal legga ned nye stikkrenner og kummar innanfor anleggsområdet, og gjer arbeidet om natta, den tida på døgnet då det er minst trafikk. Vegen vil bli stengd frå klokka 23.00–05.00, med gjennomkøyring frå Brunsvik klokka 02.00 og frå Almenningen klokka 02.15, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Arbeidet finn stad kvar natt frå mandag til fredag.

– Vi legg til rette for at utrykkingskøyretøy kan passera, presiserer Engebø.

Vidare kan vegen bli stengt inntil 15 minutt utanfor desse tidene, slik tilfellet har vore sidan arbeida starta i november.

Prosjektet er i rute til å vera ferdig til planlagd sluttfrist i september.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur