Tidleg tysdag er det venta svært kraftige vindkast frå sørvest, seinare frå vest, på 30-35 meter per sekund. På kysten er det venta liten til full storm. Vinden er venta å vera sterkast tysdag morgon.
Stengde vegar, innstilte ferjer
Vind og bølgjer kan få konsekvensar for trafikken på vegane. Vegar og bruer kan bli stengde på grunn av vindkast, trefall eller andre gjenstandar i vegbana. Ferjer kan bli innstilt. Rekne ekstra tid til transport og køyring, mange reiser vil kunne få lengre reisetid.
Den sterke vinden kan gje høge bølger i fjordstroka, som kan skade infrastruktur i strandsona. Det er også sendt ut gult farevarslel for store nedbørsmengder for det meste av Vestlandet.
Vis aktsemd, vurder om du må reise
– Vi ber trafikantane i dei utsette områda om å vise aktsemd når dei er ute på vegane. Unngå ferdsel på utsette stader, og om naudsynt bør ein vurdera om reisa er naudsynt, seier Stian Rosnes, fungerande leiar på Vegtrafikksentralen Vest.