Ta omsyn til dei som vøler vegane etter ekstremvéret Hans, som her på rv. 15 Garmo. Foto: Asbjørn Stensrud/Statens vegvesen
Publisert: 17.08.2023 

– Ta omsyn dei som vøler vegane etter ekstremvéret Hans

Vatnet er vekke dei fleste stader. Framover blir det stadig meir vegarbeid for å reparera etter ekstremvéret.

Med synkande vasstand kjem Statens vegvesen til stadig fleire stader, og vi byrjar å få stadig betre oversikt over dei underliggjande skadane som ikkje er synlege frå vegane.

Difor må det i ei tid framover nødvendigvis bli stadig meir vegarbeid.

– Ta omsyn, sett ned farten, det er for vårt alles beste

– Og i den samanheng kan det ikkje seiast mange nok gonger: Ta omsyn dei til som jobbar langs vegen, og sett ned farten når du køyrer i anleggsområde, seier seksjonssjef Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen.

Ekstremveret har gitt utfordringar for trafikken i aust i over ei veke alt, og Statens vegvesen har forståing for at trafikantane no er utålmodige.

– Vi skjønnar at det er krevjande med framleis redusert framkomst, men vi vil understreka at både vi og entreprenør har ute alt vi kan av folk, for å få opna alle vegar fullt ut så raskt som mogleg.

Men dette må gjerast på ein forsvarleg måte som varetek HMS. Og hugs at dei som arbeider på vegane gjer det for deg som trafikant, understrekar Stensrud.

– Deira trafikktryggleik er like viktig som din. Også dei har nokon skal heim til. Så hugs på det, og vis omsyn. Det har tidlegare vore uheldige episodar grunna høg fart i anleggsområde. La oss unngå det no. Vi har ingen fleire å mista. Følg lysregulering og trafikkdirigentane sine beskjedar, for vårt alles beste, appellerer Stensrud.

Tungtransporten bør køyra Østerdalen

Sjølv om riks- og europavegane mellom Oslo og Trondheim er opne, er det framleis nokre omkøyringar via mindre vegar som ikkje eignar seg for tungtrafikk.

– Vi oppmodar tungtransportørane til å velja riksveg 3 gjennom Østerdalen, både nordover og sørover. Der er framkosten best, seier Stensrud.

Vi minner også om at fartsgrensa ofte er lågare på omkøyringsvegane enn på hovudvegane.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur