Illustrasjonen viser nytt køyremønster med rundkøyring i E39 Veibustkrysset. Rundkøyringa får rabattar, og fartsgrensa gjennom krysset blir no sett ned til 50 km/t. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 17.12.2025 

Tar i bruk rundkøyring på E39 i Veibustkrysset onsdag morgon

Anleggsarbeida i E39 Veibustkrysset i Sula er kome godt i gang, og natt til onsdag vil trafikken blir ført over på ei midlertidig rundkøyring.

– Arbeidet har så langt gått etter planen. Vår entreprenøren, Busengdal AS, har plassert mykje kortreist stein frå Kongshaugstranda kloakkrenseanlegg, for å bygge  omkøyringsveg langs E39. Dette kjem til nytte i neste fase til våren, seier byggeleiar Ingar Walbø i Statens vegvesen.

Trafikken gjennom Veibustkrysset på E39 inn mot Ålesund frå sør vil gå som skissa over viser fram til månadsskiftet april/mai. Då vil det bli ei ny endring i køyremønsteret.

Hovudentreprisen i Veibustkrysset starta opp i byrjinga av november, og med ein mild desember såg entreprenøren ein moglegheit til å etablere rundkøyringa allereie no før jul.

– Det er mykje anleggstrafikk i området no, og ein rundkøyring vil betre trafikktryggleiken i anleggsfasen for alle trafikantar, seier Walbø.

På nyåret skal entreprenøren starte med å sprenge ut fjell sør for E39, for å gjere plass til nye av- og påkøyringsramper på E39 og bygge opp ny omkøyringsveg på sørsida av eksisterande veg.

–Vi oppfordrer folk til å vere merksam på endra køyremønster og sette ned farten, minner Walbø om.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur