Fristen for å melde si interesse i tilbodskonkurransen gjekk ut 17. november, og dei følgande vekene har prosjektleiinga gått igjennom dokumentasjonen dei interesserte selskapa sendte inn.
– Me er glade for at det er god interesse for å arbeide med tunnelen, og med tre tilbydarar inne, får me ein god tilbodskonkurranse, seier prosjektleiar Susanne Svardal.
Desse er dei tre som går vidare i konkurransen om oppdraget:
- AF Gruppen
- OneCO Infra
- Arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk & Stol
Arbeidsfellesskapet Bertelsen og Garpestad og Metrostav bad også om å vere med i konkurransen, men vart avvist grunna manglande kvalifikasjonar.
Neste delfrist i konkurransen er 13. februar, og då skal dei tre entreprenørane levere sine første tilbod.
Arbeidet med oppgradering av Lærdalstunnelen er lyst ut som ein utførelsesentrepreise, gjennomført som konkurranse med forhandlingar. Det vil seie at Vegvesenet går fleire rundar med dei interesserte entreprenørane for å optimalisere tilboda, før endelege tilbod blir leverte inn våren 2026. Arbeidet med å oppgradere tunnelen skal starte i september 2026.
SE BLADARKIV
