Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisert: 30.08.2021 

Tunnelstein frå Fjørtofta til fiskerihamna på Gjøsund

Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt Aurstad Tunnel AS tilsegn om 80 000 m3 tunnelstein frå masselageret til Nordøyvegen sør på Fjørtofta. Steinen skal nyttast til utviding av fiskerihamna på Gjøsund i Giske.

Tunnelsteinen blir gitt bort mot at mottakaren sørger for transport. Volumet Aurstad Tunnel har fått tilsegn om er omlag ein firedel av tunnelsteinen som er lagra sør på Fjørtofta.

God samfunnsøkonomi

– Vi har jobba med å avhende store volum med tunnelstein i heile byggeperioden. Målet har vore at han skal kome samfunnet til gode. Difor er vi veldig glade for denne avtalen. Det er bra for samfunnet, for Fjørtofta og for oss, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Startar i september

Aurstad Tunnel AS startar transporten av stein første veka i september. Først på semitrailer (trekkvogn og hengar) frå massedeponiet, over den nye vegen som er under bygging og til anleggskaia i hamna på Fjørtofta. Derfrå blir tunnelsteinen transportert vidare på lekter til Gjøsund.

4000 transportar

80 000 kubikk med tunnelstein gir om lag 4000 transportar med semitrailer mellom masselageret og kaia. Planen er å transportere 1000 kubikk tunnelstein om dagen i tre månader.

– I hovudsak vil transporten gå på vegen som ikkje er opna for trafikk, men han må igjennom eit bustadområde for å kome til kaia. Vi stiller krav om naudsynt reinhald av vegen og at skadar og slitasje på vegen som følge av tung transport må rettast opp. Totalt sett er dette beste måten å transportere steinen på, fortel Marianne Nærø.

Meir tunnelstein

Møre og Romsdal fylkeskommune kan i følge reguleringsplanen avhende stein frå masselageret sør på Fjørtofta fram til 2037. Det er også eit masselager nord på Fjørtofta. Her er det ikkje høve å ta ut stein etter at Nordøyvegen er opna. Tildekking og tilstelling av dette området er ein del av bygginga av prosjektet.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur