Harald Even Fosse (til v.) og Svenn Finden under signering, med konfetti som vart avfyrt for å feire. Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen
Emner
Publisert
30.08.2021

Utbetrar riksvegen mellom Leikanger og Sogndal

No skal riksveg 13 mellom Bondeviki og Fardal utbetrast.

Kontrakten vart signert i dag, fredag. Arbeidet startar opp i andre halvdel av september.

Kontrakten vart signert av avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen og dagleg leiar i Fosse Maskin og Transport AS, Harald Even Fosse.

– Gler oss til å komme i gang

Firmaet frå Vik i Sogn vann kontrakten med ein pris på dryge 60 millionar kroner, og dei ser fram til å komme i gang med prosjektet.

– Me skal gjere vårt beste for at trafikken ikkje blir meir hefta enn naudsynt, men det må nok snevrast inn til eitt køyrefelt forbi det smalaste partiet. Der skal me sprenge ut ei høg skjering tett inntil vegen, legg Fosse til.

Det vil bli stopp for trafikantane i inntil 15 minutt ved sprenging, men i pendlartida på morgon og ettermiddag skal det ikkje vere stopp gjennom anleggsområdet. Vegen har ein stor andel pendlarar som køyrar mellom Sogndal og Leikanger, og i tillegg er det skulebussar og næringstransport som skal fram.

– Har venta lenga

– Utbetring av strekninga er eit prosjekt me har venta på lenge. Me har mellom anna problem med mykje isdanning i vegskuldra vinterstid på grunn av vatn som sig ned frå terrenget over. Me får også jamna ut svingar, skifta ut dårlege massar og me får ein breiare skulder for dei mange syklistane som ferdast her. Totalt sett blir det ein sikrare og betre veg, seier Svenn Finden i Statens vegvesen.

Prosjektet strekk seg over 1,6 kilometer frå vestsida av Stedjebergtunnelen, og vegen skal vere ferdig i desember 2022. I kontrakten er det også ein opsjon på ytterlegare 500 meter veg ved den vestlege delen av strekninga. Viss opsjonen blir løyst ut, er frist for ferdigstilling sett til juni 2023.

Mengder

Nokre berekna mengder i prosjektet:

Riving av mur: 1700 m2 (i opsjonen: 500 m2)

Masseflytting av jord: 23.350 m3 (9850 m3)

Sprenging i linja/ masseflytting av sprengt stein: 34.000 m3 (16.000 m3)

Murar av naturstein: 2000 m2 (400 m2)

Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur