Foto: Samferdselsdepartementet
Publisert: 13.06.2023 

Utgreiingsoppdrag om nasjonale føringar for riks- og fylkesvegnettet

Samferdselsdepartementet har sendt eit utgreiingsoppdrag til Statens vegvesen om nasjonale føringar for riks- og fylkesvegnettet innan drift og vedlikehald.

– Norske vegar skal være trygge. Denne regjeringa har vist at vi ønsker å ta vare på dei vegane vi har. Derfor auka vi midlane til drift og vedlikehald av riksvegane med 1,2 milliardar i årets reviderte nasjonalbudsjett, i tillegg til midla frå statsbudsjettet – ei rekordhøg satsing på drift og vedlikehald. Gode vegar er av stor betydning for trafikksikkerheita, og no må vi sjå på føringane som ligg til grunn for det vidare arbeidet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Etter avviklinga av sams vegadministrasjon 1. januar 2020 har det vore viktig å sikre ivaretaking av trafikksikkerheita og andre nasjonale mål i heile vegsektoren. Statens vegvesen har derfor utført ei førehandsutgreiing om behovet for nasjonale føringar for vegnettet.

Skal også sjå på fylkesvegane

– Funna i førehandsutgreiinga viser at vi har behov for å utgreie og foreslå nasjonale minstekrav for drift og vedlikehald av vegar, samt minstekrav ved fråvik frå vegnormalane. Dette inkluderer også fylkesvegar som fylkeskommunane administrerer, seier Nygård.

Statleg tilsyn med fylkesvegnettet var ikkje ein del av mandatet for forhandsutgreiinga. I lys av høyringskommentarane har Samferdselsministeren valt å gje Vegtilsynet i oppdrag å utgreie eit forslag med nærmare krav til styringssystem på riksveg, og ein lovheimel for å krevje at også fylkeskommunane skal ha, og bruke, styringssystem for sine vegar.

Vegtilsynet skal utgreie spørsmål om tilsyn av fylkesvegane, og dei økonomiske og administrative konsekvensane knytt til kvart alternativ skal vurderast grundig. I det vidare arbeidet skal Statens vegvesen og Vegtilsynet ha god og tett dialog med fylkeskommunane.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur