Foto: Silje Drevdal/Statens vegvesen
Publisert: 07.05.2026 

Varslar redusert framkomst på E16 mellom Bergen og Lærdal frå hausten

Vegvesenet varslar omfattande anleggsarbeid på E16 frå hausten, og oppfordrar trafikantane om å planlegge reisa og sjekke oppdatert trafikkinformasjon.

E16 mellom Bergen og Lærdal er prega av rasutsette strekningar og eldre standard. Verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen, er over 25 år og no skal den verte oppgradert for å møte dagens krav for trafikktryggleik. Mellom Arna og Stanghelle skal Statens vegvesen og Bane NOR bygge ny veg og bane i tunnel, og dette verkar og inn på dagens E16. På riksveg 5, 7 og 52 skal Statens vegvesen utbetre vegen på fleire stadar.  I sum vil arbeida gi periodar med lysregulering, kolonnekøyring, omkøyringar, stengde vegar og lengre reisetid.

– Vi har forståing for at dette skaper utfordringar for både privatbilistar og transportnæringa. Nettopp difor går vi ut med informasjon allereie no slik at trafikantane kan førebu seg på ein ny reisekvardag til hausten, seier Stig Magnus Berg-Thomassen, prosjektsjef i Statens vegvesen.

Dette skjer på E16 Bergen–Lærdal

  • Oppgradering av Lærdalstunnelen startar etter planen i september 2026, og tunnelen vil dei neste to åra vere stengd for trafikk mellom kl.18:00 og 06:00.
  • Som del av arbeida med ny E16 og Bergensbanen skal Statens vegvesen og Bane NOR utføre arbeid ved Romslo, Trengereid, Langhelleneset, Gamle Fossen og Dalehagen. Anleggsarbeida vil medføre behov for stenging av E16 i inntil 30 minutt  og  redusert framkome.
  • Vegvesenet utbetrar vegen mellom Åsbrekkegjelet og Skromle bru aust for Voss. Anleggsarbeida skal vere ferdige i løpet av hausten 2026.
  • Vegvesenet skal også oppretthalde rutinemessig vedlikehald. Arbeida er kortvarige og blir utført på nattetid, men kan medføre midlertidige omkøyringar eller kolonne.

Fleire utfordringar mellom aust og vest

I tillegg bør trafikantane vere obs på andre anleggsarbeid på tilknytte vegstrekningar mellom austlandet og vestlandet.

  • I Fodnestunnelen på riksveg 5 mellom Lærdal og ferjesambandet Mannheller-Fodnes er det i dag kolonnekøyring gjennom tunnelen grunna vedlikehaldsarbeid. Arbeida skal vere ferdige ved årsskiftet 2026/2027.
  • På riksveg 52 i Hemsedal skal vegen bli utbetra på to stader. Arbeida startar opp før sommaren, og vegen vil bli stengd i inntil 30 minutt ved sprengingsarbeid.
  • I Flå kommune i Hallingdal på riksveg 7 skal Statens vegvesen utbetre vegen ved fleire punkt. Arbeida startar opp til hausten, og vegen vil bli stengd i inntil 20 minutt på grunn av sprengingsarbeid.

Oppfordrar til å planlegge reisa

Prosjektsjef Berg-Thomassen oppfordrar trafikantane til å planlegge reisa og sjekke oppdatert trafikkinformasjon.

– Med 12-timars stengeperiode på Lærdalstunnelen frå 18.00–06.00, vil det vere viktig for trafikantane som skal gjennom tunnelen å vere ute i god tid. Skal du rekke å køyre gjennom Lærdalstunnelen før kvelds- og nattestenginga er det viktig at du hugsar på at anleggsarbeid på både Aust- og Vestlandet vil medføre at ein brukar lenger tid enn vanleg fram til Lærdalstunnelen, forklarer Berg-Thomassen.

For å gjere trafikantane sin reisekvardag lettare oppfordrar Statens vegvesen til å ta i bruk www.vegvesen.no/trafikk eller appen “Vegvesen trafikk” for oppdatert informasjon om stengingar, omkøyringar og venta reisetid. Nettløysinga vil vere det beste verktøyet for å planlegge reisa fram i tid, og vil gi tips om alternative ruter når det er stengt veg på strekninga. Trafikkappen er eit godt supplerande verktøy for å setje opp varslingar for konkrete strekningar, tunnelar og fjellovergangar.

– Dessverre klarer vi ikkje å gjennomføre anleggsperioden utan at det påverkar trafikantane. Målet vårt er at trafikantane skal kunne planlegge reisa slik at dei i størst mogleg grad unngår dei mest krevjande periodane, seier Berg-Thomassen.

Åtvarar mot lange omvegar

I tillegg til å planlegge reisa ved å sjekke trafikkinformasjon rår Statens vegvesen alle til å køyre på dagtid om ein kan.

– Kjem du fram til Lærdalstunnelen etter klokka 18:00, må du rekne med fleire timars omveg. Nokre av dei alternative rutene har varierande standard og avgrensa kapasitet, særleg på vinterstid, åtvarar prosjektsjefen.

På fleire av vegane som kan fungere som alternative reiseruter arbeider Statens vegvesen for tida med ulike utbetringstiltak. Desse arbeida skal etter planen vere ferdige før arbeidet med Lærdalstunnelen startar opp. Endeleg dato for oppstart i Lærdalstunnelen er enno ikkje avklara.

– Den eksakte datoen veit vi først nærare sommaren når vi har signert kontrakt med entreprenør. Men vi lovar å informere trafikantane så snart datoen er klar, seier Berg-Thomassen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Logg inn