– Dette er nødvendige utbetringar av denne viktige strekninga, som vil betre både framkomelegheita og trafikktryggleiken, seier byggjeleiar Eivind Voldsund i Statens vegvesen.
Dette skal gjerast
Arbeidet som skal gjennomførast på riksveg 658 er:
- Utskifting av cirka 25 stikkrenner: røyrløp for vatn under vegen.
- Punktvise utskiftingar av massar for å forsterke vegskuldrer: sikre stabilitet, drenering og bereevne.
- Punktvis utbetring av sideterreng: utslaking av vegskulder mot sideterreng.
- Punktvis drenering av vegkroppen: fjerne vatn frå spesifikke stader på vegen for å unngå skadar og halde vegen trygg og stabil.
Når desse vedlikehaldsarbeida er ferdige, vil heile strekninga bli reasfaltert.
Mesta er utførande entreprenør for arbeida.
Slik blir trafikkavviklinga
Det er lagt opp til arbeid på dagtid og i hovudsak trafikkregulering med bruk av lysregulering, men i periodar kan det også bli manuell dirigering.
– Det må påreknast noko lengre reisetid på strekninga. Dette bør spesielt dei som skal ut og fly via Ålesund Lufthavn Vigra ta omsyn til, understrekar Voldsund.
Statens vegvesen oppmodar til at trafikantane viser omsyn og følgjer skilting, lysregulering og manuell dirigering.
– Tryggleiken for trafikantane og dei som arbeider er det aller viktigaste, presiserer Voldsund.