For vegeigarar er det avgjerande å øva på ekstreme situasjonar. Her frå ei tidlegare øving. Foto: Lars Olve Hesjedal
Publisert: 21.03.2024 

Vegeigarar hadde felles katastrofeøving

Til tross for at ulike vegeigarar i stor grad opererer innanfor fylkesgrenser stoggar ikkje vegen der. Trafikantane er avhengige av god samhandling mellom vegeigarar for å få tilgang til eit ope, trygt og framkomeleg vegnett.

Målsettinga om å styrka evna til samhandling ved store hendingar som strekkjer seg over eit større geografisk område, var utgangspunktet for beredskapsøvinga som vart arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen tysdag denne veka.

For Statens vegvesen deltok representantar for Transport og samfunn, VTS midt og vest og seksjon for Samfunnsikkerheit og beredskap, Ferjeavdelinga, samt Drift og vedlikehald Midt og Vest.

Realistisk og relevant øving

Beredskapsrådgjevar Kjell Haukeberg i Møre og Romsdal fylkeskommune var øvingsleiar under øvinga. Han er godt nøgd.

– Det er ekstra lærerikt når folk deltek med engasjement og innleving, seier han.

– Øvinga hadde god oppslutning frå involverte organisasjonar, samstundes som det var mange observatørar. Fagressursar og responsceller var kreative i sine tilbakemeldingar og dyktige fagfolk både hjå fylkeskommunane og i Vegvesenet har medverka til at øvinga vert realistisk og relevant, understrekar Haukeberg.

– Me må ha ein plan viss teknologien sviktar

I den digitale verda er det mogleg å samhandla utan å reisa. Teams har vist seg å vera eit godt verktøy å samhandla på, seier beredskapsrådgjevar i Drift og vedlikehald midt, Runar Inge Larsen.

– Det er likevel slik, at om teknologien skulle svikta, må me ha ein plan for samhandling. Me har ein veg å gå for å utnytta potensialet i bruk av Nødnett ut over dei geografiske sperrene som kan vera for enkelte talegrupper, dette er eit læringspunkt me tek med oss etter øvinga, seier han.

Slike øvingar medverkar til underbevisstgjering rundt rollar.

– Me treng å halda oss skjerpa i rolege tider, for me veit aldri kva tid større hendingar skjer. Når me i tillegg samlar fleire aktørar, får me også avdekka behov for verktøy på tvers av geografiar. All honnør til dei som har sett av tid og fått dette i stand, seier seksjonssjef på trafikkstyring og beredskap på VTS Midt, Kurt Jomar Breistrand.

Dette øvde me på

Scenario for øvinga var varsla ekstremvêr på raudt nivå. Kraftige vindkast, snøstorm, stormflo og uvanleg høge bølgjer kombinert med torevêr. Folk vart oppmoda om å halda seg innandørs og førebu seg på langvarig straumbrot.

– Scenariet kan kanskje virka ganske ekstremt, men ekstremt er nesten det nye ordinære drittvêret her vest i landet seier beredskapsrådgjevar i Drift og vedlikehald vest, Henny-Kristin Asperanden Navarsete.

Stengde fjellovergangar og isolerte bygder har det vore mange av denne vinteren. Det gjer slike øvingar endå meir aktuelle. Me vil alltid ha noko å læra av andre vegeigarar og område.

Ole Hæreid er beredskapsrådgjevar på infrastruktur- og vegavdelinga i Vestland fylkeskommune.

– Det er naudsynt at vi får øvd beredskap på tvers av fylkesgrenser. Det var relevante casar, og så får vi sett både kva som fungerer, og kva som ikkje fungerer så godt.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur