Med veglys frå Storøya camping og vestover, blir det tryggare for dei som går og syklar etter rv. 15 i Skjåk. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 03.06.2021 

Veglys for dei mjuka trafikantane etter riksveg 15 i Skjåk

For å betre trafikktryggleiken for dei som går og syklar langs riksveg 15 aust for Bismo i Skjåk, skal Statens vegvesen sette opp veglys. Arbeidet startar neste veke og skal gå fram til midten av juli.

Statens vegvesen skal sette opp nye veglys etter riksveg 15 frå Storøya camping til krysset ved Volllungsbrua, ei strekning på ca. 800 meter. Det skal settast opp totalt 18 mastar med nye LED-lys.

– På denne strekninga er det ein del mjuka trafikantar, blant anna skuleborn. Erfaringsmessig veit vi at veglys har ein positiv effekt for trafikktryggleiken, seier Asbjørn Stensrud, seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Initiativ fra kommunen med støtte frå Vegvesenet

Tiltaket skjer etter initiativ frå Skjåk kommune, godt støtta av ein trafikktryggleiksrapport utarbeidd av Statens vegvesen.

Ordførar Edel Kveen tok kontakt med Statens vegvesen i vinter for å få til ei betring for skuleborna ved Dalavegen og Brubergom.

– Det er ei halv skuleklasse som har av- og påstiging på denne uoversiktlige strekka i 80-sone på riksveg 15, kan ho fortelje.

– I mars var vi på synfaring i området saman med Statens vegvesen og ein kjentmann og far. Fleire løysingar vart diskutert. Som tiltak nå, får vi lys på denne strekka, seier Kveen, og takkar for konstruktiv dialog og rask respons frå Statens vegvesen.

Vis omsyn til arbeidarane

Det er Mesta Elektro AS som sett opp veglysa på oppdrag for Statens vegvesen. Arbeidet startar i veke 23 og skal vere ferdig i slutten av veke 27.

Arbeidet skjer på dagtid, og trafikantane må rekne med noko redusert framkommelegheit under anleggsperioden.

Det er viktig at trafikantane tek omsyn til arbeidet slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar for dei som arbeider etter vegen.

– Vis tålmod og omsyn i anleggsperioden, oppmodar seksjonsleiar Asbjørn Stensrud og ordførar Edel Kveen dei vegfarande.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur