Vegdirektør Olav Søfteland t.v. syntest det var hyggjeleg å visa sjefen rundt i Oslofjordtunnelen. Nærast Kongen t.v. tidlegare vegsjef i Buskerud Trygve Rognan. Foto: Kjersti Danielsen
Publisert: 09.11.2023 

Vegprosjektet som hadde to kongebesøk

Når bygginga av Oslofjordsambandet byggjesteg 2 etter planen startar i 2025 er det 25 år sidan HM Kong Harald opna første byggjesteg 29.juni 2000.

Kongen var så interessert i dette prosjektet, som var under bygging frå 1997, at det seinhausten 1998 kom ein overraskande førespurnad frå Slottet til Vegdirektoratet med spørsmål om Kongen kunne få komma på anleggsbesøk.

Første gong på veganlegg i produksjon

Vi siterer like gjerne frå Statens vegvesen Buskerud si bedriftsavis Brobyggeren, som sjølvsagt også dekka storhendinga saman med eit 30-tals pressefolk og fotografar:

«Det var ikkje få hjul H.M. Kong Harald sette i gong då han retta ein førespurnad til Vegdirektoratet om å få ei synfaring på riksveg 23 Oslofjordsambandet. Etter hektisk møteverksemd rundt alt frå farge på serviettar og Kongens skostorleik, til kven som skulle helsa først og sist og kvifor det, var alt klappa og klart etter alle reglane i protokollen. Torsdag 14. januar 1999 kunne difor vegdirektør Olav Søfteland for første gong ønskja Noreg sin konge velkommen til eit veganlegg under produksjon»

Signerte eigen kongestein

Dermed vart det to kongebesøk til første byggjesteg av Oslofjordsambandet sidan han var den sjølvsagde gjesten også til opninga halvtanna år seinare. Under opninga sommaren 2000 tok han seg ekstra god tid etter snorklipping, talar og underhaldning ved bomstasjonen på Måna utanfor Drøbak. Etter vegopninga vart Kongen saman med ein kortesje veteranbilar køyrt gjennom den 7,3 km lange tunnelen under Oslofjorden vestover til Hurum for endå ei markering.

På rasteplassen langs rv. 23 (no E134) i vestgåande retning utanfor Sætre signerte han ein stein frå tunneldrivinga djupt under Oslofjorden. Steinen med signaturen til Kongen kan framleis sjåast på nemnde rasteplass. Og berre eit par kilometer vidare vestover på den nye vegen passerte bilen til majesteten Kongens dal på veg tilbake til Tigerstaden.

Vegdirektøren ønska sjefen velkommen

Frå anleggsbesøket i januar 1999 tek me gjerne med eit par sitat til frå Brobyggeren: «- Me liker alle at sjefen interesserer seg for kva me driv med, sa vegdirektør Olav Søfteland då han ønska H.M. Kong Harald velkommen til prosjektkontoret til Oslofjordfsambandet på Verpen. - Og det står det til og med i Arbeidsmiljøloven, heldt vegdirektøren fram med eit lurt smil som vart møtt med kongeleg latter frå første rad.»

Lunsj med tilsette og ferjetur med skipper Larsen

Også under anleggsbesøket tok Kongen seg god tid. Saman med VIP-følgjet fekk Kong Harald ei omfattande synfaring med tre stopp på Buskerudsiden og eitt i Akershus. Nede i fjordtunnelen vart det stopp både ved Drøbakstuffen, der det stod igjen rundt 170 meter før gjennomslag mot  Frogn, og ved han etter kvart så berømte "frysestuffen" *(sjå sist i artikkelen). Det vart også tid til ei orientering på prosjektkontoret og lunsj saman med dei tilsette.

Frå bedriftsavisa til Buskerud vegkontor saksar me litt meir om dette: «H.M. Kong Harald har jo som kjent ein spesiell forkjærleik for båt og sjøliv, og han lét ikkje sjansen gå frå seg ombord i feria mellom Storsand og Drøbak, men tok ein kjapp tur opp på brua for å helsa på skipper Larsen til stor glede for pressa som fekk nokre ekstra bilete.»

Søfteland tipsa kabinettssekretæren

Gjennom dei 15 åra sine som vegdirektør var Olav Søfteland årleg i kontakt med Slottets kabinettssekretær for å fortelja om store vegopningar det kunne vera aktuelt for Kongen å delta på. – Ved eit av desse høva på 90-talet sa eg til dåverande kabinettssekretær Magne Hagen at det kunne vera hyggjeleg om Kongen også ein gong kunne komma på besøk på eit veganlegg under bygging viss moglegheita baud seg. Oslofjordtunnelen fekk mykje merksemd under bygginga, så det kan nok ha pirra Kongens nysgjerrigheit til å komma på besøk. Me var både overraska og glade då førespurnaden kom før jula 1998, fortel Søfteland.

Oslofjord 2 = ½ Oslofjord 1

Og berre for å oppklara eventuelle misforståingar ved den kommande Oslofjordsambandet byggjetrinn 2: Veganlegget der bygginga startar om snaue to år er mykje meir enn eit nytt tunnelløp under Oslofjorden. På byggjesteg 2 skal det byggjast i alt 14 kilometer ny fire felts veg og to tunnelar til på Drøbaksida, Frogntunnelen og Vassumtunnelen skal også få eit løp nummer to. På Hurumsida skal det byggjast om lag ein kilometer ny veg fram til tunnelpåhogget ved Verpen mellom Sætre og Storsand.

Oslofjordsambandet byggjetrinn 1 frå 1997-2000 var heile 27 kilometer og med seks tunnelar (3 i Røyken og Hurum). På vestsida av fjorden starta byggjesteg 1 heilt inne ved Bjørnstad i Røyken og enda opp ved Vassum i Ås med av- og påkøyring til E6 rett sør for Nordbytunnelen..

Høgthengande internasjonal pris

Og om du trur at Oslofjordsambandet berre er kjent for stengingar og problem sidan opninga for 23 år sidan tek du feil. Mange har nok gløymt den svært prestisjetunge prisen prosjektet vann i 2002 – prisen for beste teknologiske løysing under Global Road Achievement Awards 2002 i Paris. Landskapsarkitekt i Statens vegvesen, Kirstine Laukli, jobba på prosjektet frå 1996 til 2000 og har beviset på utmerkinga heime i stova i Drammen.

*Fakta: Frysesona:

Arbeidet med tunnelen vart stoppa då ein trefte på ei svakheitssone med sand, grus og blokk, og fullt hydrostatisk vasstrykk 120 meter under havoverflata. Problemet vart søkt løyst ved forinjeksjon utan hell, for så å bli løyst med grunnfrysing ved å frysa saman massane til ein vasstett og stabil sylinder som tunnelen vart driven gjennom. Det vart laga ein omløpstunnel, slik at tunneldrifta kunne halda fram parallelt med forseringa av svakheitssona og lausmassane.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur